mandag 5. august 2013

Fitjar - Brandasund

Fitjar – Brandasund

Kanskje den finaste turen me har hatt.
Øyer, holmar og skjer.
Hytter, naust og hus
Heile vegen.
Gjennom smale sund, forbi små øyar og holmar.

Vidunderleg vakkert.

Og bak oss.
Heile vegen.
Lyste soli på vindmølleparken i Fitjar.
Mykje kan sikkert seiast om den, og nokon vil vel helst at den blir fjerna.
Men denne dagen stod all møllene som staute statuar i sollyset. Sollyset som først, denne ettermiddagen då me la i veg til Brandasund for å finna Nordvesten, berre lyste gjennom eit lite hol i skydekket, og ned på dei mange store vindmøllene på Midtfjellet. På Fitjar. Vakkert var også det, denne fine ettermiddagen,





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar