søndag 30. juni 2013

Tobias sitt hus


Chill

Eit hus i Tobias sin ånd.
I Fargegata i Stavanger.
Versegod for tipset Tobias.
Chill! Hæ?

Plass til deg og herTobias

Chill.

Freddan

Og da er det vaskedag igjen.

Denne dagen måtte alle puter til pers også.
Me er jo tross alt i Stavanger. Norges vakraste by for tida.

Forresten

Elvis har kjøpt seg ekte båtlue. Den kjem nok snart i bruk skal du sjå.

Takk til gutta på Sporten

Supergod kaffi

Ved avreise fra Horten fekk Holingen og Elvis ein liten gave fra Gutta på Sporten i Horten. Ekte Boliviansk kaffe fra produsenten Growers Cup. 
Pakka i ein hendig pose som det berre var å helle kokande vatn i, og vips. 6 minuttar etterpå hadde me verdens beste kaffi.
Sjølvsagt var kaffien fra Gutta på Sporten med på feiringen av superseilasen fra Mandal til Stavanger.

PS
Gutta På Sporten. Dette produktet blir ein suksess. Garantert. 
DS 

Perfekt

Perfekt avslutning på ein strålande frukost, ein strålande morgon i Stavanger;
Ein nytrekt kopp Growers Cup, fra Gutta På Sporten.
I Horten.

Byvandring i Stavanger

Vakrare enn Bergen?

Ja meinte både Holingen og Elvis.
Eit meir gjennomført bysentrum, men intime gater og trange smug. Butikkar og kafear rundt kvart eit hjørne. Ypperste kvalitet på bygningsvedlikehold, reinhold, og ikkje minst  på butikkar, kafear, og mennesker du møter.
Må opplevast! Og nytast.

Gågater

Gågater så langt auga rekk. Her fra Østervåggata.

Trange Smug

Trange smug i alle retningar. Fulle av folk. Hyggelige folk.

Softis

Superhyggelige folk som f.eks denne jenta som sel Soft is av høgste kvalitet.

Tid til refleksjon

Lokalbefolkningen kosar seg med eit glas god vin på veg heim etter ein handletur på laurdagen.

Valberg Tårnet

Det gamle brannutsiktstårnet i sentrum av Stavanger.
Tegnet av en av datidens superarkitekter, Stabs-Contuktør Christian Grosch, og bygd i perioden 1850-1853

Utsikten 

fra brannutsiktstårnet mot Sjølyst, bybrua, og Lysefjorden.

Og endeleg Fargegata.

Med verdens koselegaste hus i alle fargar.
Og kafèar. Superhyggelige kafear.
Og BøkerogBørst. Vår nye favorittkafè

Rapparen


Superselgaren - i Stavanger

Denne karen brukte omlag 3 sekund, etter at Elvis hadde beskreve behovet, på å plukke fram Chino-shortsen som Holingen kjem til å elska resten av livet.
Men enda meir imponerande var Rappingen hans. Heilt ut av det blå dukka den eine rappen opp før den andre. Truser, sokkar, shortsar, været, kundar, kolleger.
Alt kan denne karen rappe om.
Følg med denne karen. Han kan fort dukke opp på ei Rappescene nær deg.
PS
Treng du ny shorts. Eller eigentleg kva som helst av pent tøy. Stikk innom denne karen på Urban i Kirkegata, og få ei super rap med på kjøpet.

Historikaren

Karsten - garantert snart professor

Studerer historie på 3. året i Stavanger.
Me traff han på BøkerogBørst i Fargegata, der han ivrig argumenterte for å gjenreise interessen blant folk flest for Historie. Både som fag og som viktig allmennkunnskap.
Karsten hadde gode idèar om korleis undervisning og informasjon om dette viktige kunnskapsfeltet kan reformerast, gjerne i kombinasjon med bedre utnyttelse av informasjonsteknologi.
Elvis meinte at dette høyrdest ut som ei passande livsoppgåve for ein kar som Karsten. Karsten blei fyrst litt forfjamsa over forslaget til Elvis. Etter eit par sekunds refleksjon kom Karsten fram til at dette var ei stor oppgåve.
Akkurat, sa Elvis. Ei passade oppgåve for ein entusiastik historikar. Ei oppgave for deg, Karsten. Lykke til!
Karsten hadde også eit par interessante betraktningar om korleis ein kan tilnærme seg livet i stort, samt saker og ting i sin alminneligheit.
Holingen og Elvis har døypt  Karsten sin livsanskuelse for "Karsten-perspektivet". Eller gjerne "Karsten-prinsippet". Dette perspektivet kjem me tilbake til når me skal testa Karsten-perspektivet ut i praksis på ei sak Karsten tipsa oss om. Følg med!

lørdag 29. juni 2013

Pølsegryta

Ca 2 sekund

Etter at Elvis har foreslått pølsegryte til lunsj, ute på det store havet.
Nokon gonger seier bilder meir enn ord!

Sjampis til ei makalaus kyllinggryte

Feiring av seilasen

Som vanleg når Holingen og Elvis når sine mål blir det god mat og sjampis ombord.
Holingen meinte før avreise fra Mandal at turen ville ta mellom 20-24 timar, avhengig av vindretning og vindstyrke.
22 timar, prikk. Det er på målsnøret.
I tillegg måtte 9,9 knop feirast.

Kyllinggryte alla Ariel. 

Her med Ris.
Oppskrift;
Delt og fresa kyllingfilèt. Surra lauk, surra/fresa paprika, chili, sukkererter og gule røter. smakssatt med sylta ingefer, ingefersirup, salt og pepar.
Godt!
Den nye rekordholdaren får åpne sjampisen.

Frisøren -. Ikkje berre Taustigen me leitar etter

På leit

Nokon har lurt på kvifor Elvis alltid spring seg ein tur. Ofte lange turar når Ariel legg til kai.
Som her, på veg ut av Stavanger sentrum, mellom dei kvite husa øverst i bakken.

Her er svaret

Elvis skal ha somarklippen sin. Og venta sjølvsagt til han fann sine eigne frisørar.

Elvis frisørsalong - Stavanger

Berre å anbefale på det sterkaste. Skikkelig Rock&Roll. Elvis på sitt beste.

Renate og Elvis 

fant tonen med ein gong,
Elvis sveis, svarte Elvis når Renate lurte på korleis Elvis ville ha klippen.
Sjølvsagt sa ho. Elvissveis skal bli.

Strålande fornøgd og blid

Elvis etter turen hos Frisøren.
Smiler frå øyre til øyre.

Stavangers mest fornøgde mann

Elvis! Long live the King...
... Altså frisørsalongen!

Silkeseilas fra Mandal til Stavanger

Turens absolutte toppunkt så langt

22 timer's seilas fra Mandal til Stavanger.
Avreise med høg, blå himmel, og Aust, nord-austlege vindar. Dvs at vinden skulle være akkurat perfekt i forhold til Ariel sin seglingsstyrke. Dvs vind inn frå mellom klokka 4 og 5. Alt låg tilrette. Akkurat som kaptein Holingen hadde venta på. I fleire dagar hadde Holingen prøvd å forklare fyrstereisguten Elvis, kvifor det var lurt å vente med å krysse Lindesnes. Det er forskjell på motvind og medvind, veit du, pleide Holingen å trøsta Elvis med når Elvis blei for ivrig og ville vidare.

Berre småkrusingar

når vi passerer Lindesnes Fyr.

Elvis set seg nye mål

Maks 9 knop om vindane står rett forklarte Holingen. Denne skuta klarar ikkje meir enn det.
Det skal me prøva å gjera noko med, tenker Elvis, over ein siste kaffikopp før han skal ta over som Styrmann.

Holingen er fra seg av beundring

Snart 10 knop ropar Elvis til Holingen, idet GPS'en viser 9,9 knop. Men Holingen er ikkje like rask når han vil dokumentere farten og den nye rekorden til Ariel, under normal segling.
Men 9,4 knop klarar han å dokumentere. 
Fair winds and following seas seier Elvis, og smiler lurt mens Holingen knipser så fort han kan. Dvs omkring 9,4 knop.

Kartlesing må til

Litt nytta av orientering på land og kartlesing på uendelig mange turar i fjellet kjem faktisk til nytte på sjøen og. Særleg etter at Holingen har lært Elvis om dei ulike sjømerka slik at han skjønnar litt av sjømannsspråket

Nokon seier det er stygt

Både Holingen og Elvis synes at vindmøllene på Lista er vakre. Særleg når ein tenkjer på at dei står der og gjer nytte for seg. Kvar dag lagar dei energi som kjem til nytte. Energi til folk. Folk flest.

Vakkert i lav kveldssol

Ca 3 omdreiningar i minuttet! I allefall mens sola står lavt og vinden blåser bris fra aust nord-aust.
I sirkelrunde bevegelsar. Nokon meiner sirkelen er den perfekte form.
Ganske fint å tenka på. At noko som er fint  kan gje energi. Positiv, bærekraftig energi.

Første soloppgangen på Vestlandet

 Men før sola står opp..

... så går den ned.
Her går den ned ved Eiger fyr, vest av Egersund, omlag kl 2230.
Litt lang avstand, sjølv for zoomen, og litt lave skyer. Men ein kan ana det flotte rosa skjæret, i det sola nettopp har forlatt horisonten.

Og her kjem ho opp at

Kl er sånn cirka 0530.
Det er nesten som ein fritenkar kan bli religiøs.


Velkommen til Vestlandet, Holingen og Elvis.

Me har venta på dikka.

Feistein fyr

Me skimtar Feistein fyr, sørvest av Stavanger, ned i venstre hjørne.
Vakker disig soloppgang ved Feistein fyr.

Følgesveinar

Og slike karar er det triveleg å dele soloppgangen med
Meir av Feistein denne strålande vakre morgonen.

Frivakt

Kva skal ein eigentleg gjera når ein har frivakt ombord?

Lesa ei favorittbok av ein av favorittfofattarane sine?
Eller berre ligga på rygg og sjå på skyene fare forbi på den blåe, blåe himmelen?

Ikkje alltid like lett å væra Elvis.

Jolla og den hjelpsomme vestlendingen

Det merkast...

...at me nærmar oss vestlandet.
Når med kom til kai i Mandal stod denne karen, fra Stavanger, parat og tok i mot. Som den mest sjøvsagte ting i verden anviste han ein fin plass til Ariel, tok imot trosser og sikra fortøyningane.
Ikkje fordi han hadde lite anna å gjera. For han hadde både kjæring og fire ungar med seg i eigen båt!
Her er han fotografert då han redda jolla vår som kom til å henga seg fast i brygga ved avreise frå Mandal. Det nærmar seg vestlandet. Det merkast på folk. Og takk for tipset om Breiflabben i Jottavika. God tur vidare til deg òg.

Elvis filosoferer

29!
Det er den 29. i dag. Kan det bety noko?
29, det er 1- ein - dag før den 28.
Og talet 1, er jo alle tal sin mor.
Og 28, er jo bursdagsdatoen til Elvis.
Og faktisk er 29, 3 dagar før den 26.06.2013!
3 er jo det evige lykketallet til Elvis!
26 er verdens mest unike tal. Faktisk det einaste kjente tal som står mellom eit kvadratisk og eit kubisk.
Og 6. For kvinner ofte rekna som det mest unike talet i verda. Kanksje i kraft sin assosiasjonsverdi. Men faktisk er 6 det einaste kjente talet, der summen av absoluttverdien av alle tal, som talet er deleleg med, er lik sjølve talet!
Kva kan alt dette bety?
???,
Aha. Mutter'n har jo gebursdag i morgon.
Blomster!

fredag 28. juni 2013

Yrande liv i Mandal by

Ein riktig idyll

Det er vel feil å sei at Mandal gjestebrygge kvalifiserer til Norges beste!
Det måtte i så fall være dei ferske rundstykka som ein får i båten kvar morgon fra Edgars bakeri.
Dei har klasse.
Det same har Mandal by. Byen blir bedre og bedre jo meir ein tek seg tid til å studera den.
Ein riktig idyll.