tirsdag 19. mars 2013

Horten indre havn

Lagunen og kjeppen.


På ei nordvendt halvøy midt i Oslofjorden ligg Gamle Horten Gård. Sjølvaste Horten Gård. Vakkert plassert på ein høgde på halvøya, med Oslofjorden, vakker og imponerande mot Øst, og sjølvaste Lagunen mot vest. Lagunen, i dag kjent som Horten Indre Havn, ligg der, nærast sirkelrund, og kitlar Horten Gård i gjerdestolpane. Sirkelrund, stor og vakker. Avgrensa av fastlandet mot sør og vest, Horten Gård og halvøya mot Øst og dei vakre Øyane Østøya, Mellomøya og Løvøya i Nord, er Lagunen skapt for liv og røre. Skapt for å være vugge og senter for ein oase av hus og folk. Ein oase av bryggekantar og strender. Bryggekantar, og gater, fulle av butikkar, kafèar, restaurantar og folk. Innbyggarar, innflyttarar og folk som berre er på besøk. Turistar. Badestrender fulle av barn, vokse og gamle som badar og solar seg. Og et is og drikk brus. Eller god vin. Kanskje Rosèvin. Eller sjamanje og Cava? Sjølvaste Lagunen skulle vore full av eit yrande båt og badeliv. Folk skulle være glade og det skulle være sol. Alltid sol.
Slik skulle det ha vore i Lagunen. Slik skulle det ha vore i den finaste byen i den finaste indre hamn i heile Norge. Kanskje den finaste i heile verda.
Om ikkje ein mann hadde gløymt att kjeppen sin på Horten Gård. Tenk det. Ein unseleg kjepp kom til til å gjera Halvøya, Østøya og Mellomøya folketomme og utilgjengelege for folk. Kom til å sørge for at det aldri blei brygger, gater, kafèar og strender der folk kunne kose seg og nyta livet. Ein skarve kjepp gjorde at båt og badeliv i Lagunen berre blei ein dråpe av det det skulle ha vore.
Ein kjepp!


 

















Bilder fra Horten indre havn


Den Norske Løve

Tenk deg å legge til her. Gå på land, og vandre opp dei fine grasbakkane. Gjennom borgmuren og inn på den aller finaste restauranten du veit om. Den Norske Løve. Tenk det du!