torsdag 2. januar 2014

Refleksjonskveld med god cognac og fine sigarer

Det er ikkje slutt fordi om det er over.

Det er lov å møtast.
Møtast for å mimre.
For å oppsummera.
For å røyke sigarar, og drikke Cognac.
Og drøyme litt.
Drøyme om nye opplevingar?

40 År

Ja du leste rett. 40 år.
Ja ikkje Holingen. Han er litt eldre.
Men sigaren.
45 cm lang, 22 mm i diameter. Og 40 År.
I 40 år har Holingen spart på dette muskedunderet av eit Cubansk mesterverk.
Og so pass lenge bør ein sigar lagrast for å kvalifisera til å delta, når det er snakk om refleksjonsseminar med Holingen og Elvis.
 

Og Cognacen

Den bør ha segla med Tor Heyerdal frå Peru til Polynesia.
Og væra gamal.

Og sjampisen

Sjampisen skal væra god. Og sprudlande.
Akkurat so sprudlande som eventyret til Holingen og Elvis.



Og Potene

Eller potetene, som nokre kallar dei, skal væra utsøkte.
Og laga av verdens fremste poteekspert. Holingen.
Og gjerne håndplukka.
Og ikkje vaska. Ikkje før rett før dei går i gryta.
Og salt.
Saltmengden skal være nøye tilpassa kvar sort. Akkurat som koketida. Koketida må sjølvsagt ikkje berre tilpassast sorten. Mens også størrelsen.
Apropos sorten. Viste du at dei fyrste kjente potesortane er fra Peru.
Sa du Peru?
Peru! Ligg ikkje det langs kysten?
Holingen!
Holingen?
Hallo!
Er du med?