Folk me har møtt

Langturseilere frå Jæren

Skal reise på langtur med kjærasten sin.
Først middelhavet, så ?
Verda rundt kanskje.





Rapparen

Følg med denne karen. Han kan fort dukke opp på ei Rappescene nær deg.



Karsten

Me traff han på BøkerogBørst i Fargegata, der han ivrig argumenterte for å gjenreise interessen blant folk flest for Historie. Både som fag og som viktig allmennkunnskap.



Vestlendingen

Når med kom til kai i Mandal stod denne karen, fra Stavanger, parat og tok i mot. Som den mest sjøvsagte ting i verden anviste han ein fin plass til Ariel, tok imot trosser og sikra fortøyningane.




Julle

Eller svensken som me kalte han før. Julle, eller svensken, har fulgt oss som ein skugge sidan Stavern.




Arnfinn frå Randøysund

Arnfinn driv med heimearbeid. Kortreist mat. Eller nærare bestemt kortreist drikke. Ein ekte entusiast altså.



Sissi frå Randøysund

Cecilie som ho er døypt, saman med gubben sin, Torstein. Ombord i eigen, og heimelaga båt.



Torstein frå Randøysund

Torstein har brukt meir enn 4000 timar over 10 år på å gjere eit tomt plastskrog om til ein sjøsterk havseglar.



Lennart frå Randøysund

 Lennart er syrefastentusiast. Og tru det eller ei; Lennart er produsent av både vatn-, septikk-, og dieseltankar i syrefast stål ombord i Ariel.



Fedda fra Randøysund

Smørblid og nyskjerring på alt Holingen og Elvis hadde å fortelja. Slik sett var det heilt naturleg at det var Fedda som blei med ned i Ariel, og fant ut at bildet med alle Randøysloopane var teke nettopp i Randøysundet.



Svein frå Randøysund

Verdensklasse fra sørlandet.




Monica frå Randøysund

Monica er superfornøgd med livet, kjærligheten og jobben.
Blid som ei sol og glad som ei lerke. Og den perfekte vertinne.
Meir om Monica


Tor frå Randøysund

Kapteinen Tor

Det hender i eit live at ein treff på folk som berre er snille, kloke og gode. Som berre vil andre vel. Som ikkje berre gjer alt dei kan for å få folk til å trivast. Men dei ser slik ut òg. Snille, kloke og gode.
Tor er ein slik kar.



Amerikanaren

Arne Berntsen

Fra Amerika.
Dukka plutselig opp omlag kl 0530 på kaia i Risør, i det me stod på farten til Lillesand. Han var på leit etter spor fra sine norske aner.

Meir om Amerikanaren




Hilberg

Hilberg.
Eller Korneliussen som Elvis kallar han.
Hilberg, den einaste i norge med dette navnet, traff me på Peterhead bar i gjestehavne i Risør.


Tannlegen

På sin (nesten) daglege joggetur i dag sprang Elvis forbi eit tannlegekontor i Risør. Kjapp i hove som han er,  stakk han inn for å høyra om det var ein ledig time for å fiksa på et tann som, av unevnelege grunnar, sprakk hin dagen.

Svensken

Soloseglaren
Eller Svensken som me kallar han traff med fyst i Stavern.
Neste gong dukka han opp i Kragerø, med båten sin, Klondike.


Jordomseilar eller Fjordomseilar


Denne karen blei lang i blikket då han høyrde om Holingen og Elvis sine planar. Og bedre vart det ikkje då Holingen fortalde om sine reiser på alle verdens hav.

Sørlendingane

Elvis i passiar med to kara frå Kristiansand, i Stavern Gjestehavn. Dessverre gløyme me å sikra navn. Men han karen på brygga er kompis med ein av gründarane bak båtbyggeriet som designa og støypte skrog til Randøyslop. Eller Breiflabb som båte kallast til kvardags. Eller Ariel, som vår båt heiter. Verda er liten. Desse to karanen var på veg fra Drøbak til Kristiansand. I nykjøpt båt, som dei var veldig stolte av.


Kaptein Bacher

Et levende leksikon, og en historieforteller av guds nåde.