Mannskapet

Det faste mannskapet



Holingen:
Skipper, maskinist og byssegutt
Etter eit rikt liv på land, som omfatta kniv og økseproduksjon på Geilo, pioneer arbeid i  oppdrettsnæringa i Norge og Canada, omfattande næringsvirksomheit med base i både Oslo og Tromsø, kom Holingen til å lure på om det ikkje var noko meir med livet. Ja riktignok var det jo kjerring og ungar. Men var det ikkje noko meir? Jau da. Heilt ut av det blå kom han til å tenke på havet og himmelen. Men det måtte bli havet. Slik starta eventyret som har teke Holingen rundt på dei 7 hav. Med Ariel. Holingen fann ut at han hadde hatt rett; Det var noko meir. Havet! Og livet til sjøs. No har han bytt ut kjerringi og fått nytt mannskap. Sjelden har Holingen følt seg bedre forberedt for ein ekspedisjon enn no. Båten og mannskapet er kvalitetsikra.






Elvis: 
Styrmann, stuert og dekksgutt
Etter ein traumatisk opplevelse som førstereisgut under Ferderseilasen i 1983, gjorde Elvis det klart for alle som ville høyra, at han hadde fått nok av seilbåtlivet. 30 år seinare har denne fjellkrabben kome fram til at det kanskje var litt i overkant dramatisk å gje opp havets gleder pga av ein austlending på 86 år som hadde sett seg fore å vinna Ferderen før han gjekk i grava. "Kom som du er", så han, "eg har mat, drikke og varme kler". Elvis kom som han var, for han pleide å ta folk på ordet. Det gjekk som det måtte. Etter 14 timar  i stiv kuling og 4 varmegrader, fant kapteinen ut at det ikkje blei seier i år heller. Vår båt låg jo sist. I stiv motvind, på veg ut fjorden ved Moss, mens resten av feltet kom halsande inn fjorden mot Oslo med vinden i ryggen. Elvis som hadde vore pigggut, eller kva gamlingen kalte det, sat framme i båten. Sjølvsagt på dekk, for det var bra for å balansera båten meinte kapteien. I kortbukse, kortarma skjorte og på tom mage, for Kaptein hadde sjølvsagt gløymt både varme klær og mat til dekksguten sin. I 3 døgn etter ankerfeste i Oslo, sat Elvis å hakke tenner på hybelen sin. Nokon trudde han hadde feber, men termometeret viste ein kroppstemperatur på 28 grader. Aldri meir sa Elvis. No har han vist ombestemt seg.



Gjestemannskap

Gunvald Skarpås: 
Tidligere skogsmatros, mønstrer på i Skudeneshavn.


Gunvald er ein ekte innlandsbonde. Ja ikkje akkurat bonde kanskje, men frå innlandet. Født på Rødberg, og vaksen opp i Hol. Etter litt prøving og feiling i Drammen og Oslo fann Gunvald ut at han trivdes best mellom fjell og vidde. Han flytta heim, og slo seg ned på Geilo.
Gunvald har vore i båt før. Sist sett hengande over ripa då han mata fisk i Langesund med halvfordøyd Corned Beef. Og poteter, steikt i lauk og smør. Nokre år tidlegare var han mannskap på ein seglbåt med utrente sjøfolk i området rundt Arendal. På den turen var Gunvald ein av de mest sjøsterke.
Men best erfaring med båtlivet har Gunvald frå Holsvatnet. Her kunne ein før i tida sjå Gunvald i robåt på jakt etter fjellaure. Det fekk han mykje av. Han er ein ivrig fiskar.
Ein sein vinter, eller kanskje det var tidleg vår? Lokalkjente er ikkje lenger sikre på tidspunktet. Men sikre på kva dei såg var dei, denne varme og solfylte dagen. Ivertfall ei stund. Dei meinte det var ein delfin dei såg i eit svalestup opp frå Holsfjorden. Nokre meinte den til og med kunne måle seg med sjøormen i Seljordvatnet.
Den kom opp at like elegant som den stupte. I ein elegant sveveflukt. Men då delfinen blei ståande oppreist på fjorden blei fleire lokale kjentfolk litt usikre. Etter litt fram og tilbake kom dei fram til at det måtte være han Gunvald som var på fjorden og rodde fisk. Og det stemte. Sjølv om isen låg spredt på vatnet ville han Gunvald ta seg eit bad i det fine været. Men ingen har sett nokon spretta opp at i ein robåt raskare enn Gunvald. Heller ikkje i eit flottare svev. Utan å væra nær ripa på båten var han oppe i båten igjen nesten før han traff vatnet. Hutrande og skjelvande vart han ståande slik ei stund, slik at lokalkjente klarte å gjenkjenna han. Gunvald var mest glad for at det var god turkevarme i soli den dagen.


Men no er det storhavet som lokkar. Vest av Skudeneshavn ligg Nordsjøen. Eller kanskje Gunvald heller vil segle innafjords? Me får sjå.