tirsdag 30. juli 2013

Tid for å reisa vidare

Til Brandasund.

Heilt vest i Havet.
I natt dreg me vidare sørover. Utaskjærs.
Denne gong for segl, med Nordvesten i ryggen.
Heilt til Lindesnes, og litt forbi.
Eller til Egersund om ikkje vinden held.
Snakkast om 50-75 timar.

Fest i Fitjar

Noko skal ein jo finne på 

Når ein ligg til kai i Fitjar.
Etter ein rask joggetur så har ein jo sett Rimvarden, Kongebrønnen, Storevatnet og Vindmølleparken.

Så då får det bli fest

Nypote, kokt allà Holingen, men med ein toch av chillismaksett olivenolje.
Smørdampa grøne asparges, lett krydra med grovt salt.
Pannesteikt laksefilèt i godt smår og olivenolje, krydra med salt og pepar.
Og saus.
Bernaissaus.
Og eit lite glas vin.
Kvit vin.

Og til dessert

Kokosbollar.
Lakris (ekte).
Godt og Blandat,
Ostepops.
Baconsvor (ekte).
Kaffi.
Og eit glas kald pils (ekte)

Det blir faktisk ikkje meir moro enn ein lagar sjølv!

Fitjar

Ei flott

Gjestehavn

Ein skikkeleg 

Bra videobutikk.
Med alt.

Ein bråte

Med rånara

Eit hemmeleg

Treningssenter

Jevligt

Med regn

Nokre luringar

På butikken

Og ein av 

Norges største vindmølleparkar.
Men den såg me ikkje.
Tåka låg for lavt over øya.

Me ligg framleis i Fitjar

Og ventar på Nordvesten.

Me hadde planlagt sol. Og litt arbeid på båten. Men det kom mykje regn med denna kulingen fra sør.
Kva anna skal ein finna på enn å oppdatera bloggen?

Litlebergen - Fitjar

Ein fin tur var det

Frå Littlebergen til Fitjar.
Og me rakk det akkurat.
Å komme i sikker havn for den sønnavinden som var venta inn kl 1800.
Og den kom.
Men då låg me i trygg havn, på nordsida av flytebrygga i Fitjar. Og den brygga var i tillegg skjerma fra sør.
Han kan det, Kapteinen på Ariel.
Sjømannskap altså.
Men her ser me at han rotar det til for seg.
Fiskesena har slått krøll på seg, og jaggu trur eg ikkje Kapteinen brukte dagen på å rydda opp at etter seg.

Mens Elvis

Som vanleg tok livet med stoisk ro.

Litlebergen


Litlebergen!

Me kan sjå det for oss.
Den vetle guten som gråtande klager til mor si;
"Mamma, mamma, eg vil heita Bergen, eg vil heite Bergen."
Jammen du kan ikkje det skjønnar du, vetleguten min. Storebror din heiter Bergen, veit du.
"Jammen, Jammen. Eg vil heite Bergen, eg òg!", grin guten.
Javel, javel sukkar mora. Du får heite Litlebergen då. Til du blir stor.
Ko tid blir eg stor då? spurde sikkert Litlebergen mor si.
Nei det veit eg ikkje, sa nok mori.
Han hadde ei klok mor, Litlebergen.

Men ei bru

Har han fått, Litlebergen.
Sjølvaste Nord-Hordalands brui.
Ei kombinert flyte og hengebru som det berre finns få i heile verda.
Han vart nok stolt då, Litlebergen. Når han fekk bru.
Og glad.
For no veks han fort. Veldig fort.

Ei riktig perle

Er Litlebergen.
Berre synd at Marinaen var nedlagt.
Litlebergen bårforening hadde overteke alle gjesteplassane.
Men me hadde som vanleg lukka med oss.
Karen nedanfor, som var fastbuande på båten sin i Litlebergen, viste om ein  plass som var ledig, fordi eigaren var på tur i Nord-Norge. Han hjalp oss tilrette og lot oss få straum. Ein god prat hadde han å tilby også.

Turboneger

Alltid triveleg

Å møte gamle kjente på jobb.
Gamle og gamle forresten.
Me har berre kjent dei et par timars tid, etter ein hyggeleg passiar me hadde borte ved båten.
Men det er rart med det. Når ein treff imøtekommande, jordnære og hyggelige folk er det lett å bli glad i dei.
Og det blei me.
Glade i Turboneger.
Og enda meir fornøgde blei me under konserten.
Speleglede, sirkus, humor, spelekunst og låtar i ypperste klasse.
Verkeleg moro.
Skikkeleg Rock'n Roll.

Heilt på høgde

Med forgjengaren.

Verdens klokaste bassist?

Og verdens kulaste.

Verdens beste rockegitarist!

Og så fra Oslo Vest da gitt!


Il maestro sit bakerst 

Som vanleg

The band.

The second guitar

Må også med.
Han står bak der.

Black Debbath

Lars Lønning

Son av Høgres mest truverdige politikar, som dessverre døde så altfor tidleg, og nevø av den mest karismatiske Biskop Norge har fostra.
Elvis følger åpenbart ikkje med i musikklivet for tida.
Denne karen er frontmann i Black Debbath, og var før han tok ein prat med karane på Ariel, ved kai i Skjerjehavn, heilt ukjent for den åpenbart navlebeskuande og umusikalske navnebroren til den ekte Elvis.

Etter praten

Fekk Elvis, og alle andre til stades, bakoversveis når Kongen av Tungrock drog til for fullt med langt tjukt, gråsvart sølvglinsande hår, ditto skjegg, mørke pilotbriller, skinnboots, syltrange jeans og svart skinnjakke, ståande bak ein gedigen motorsykkel med svære bukkehorn.

Etterkvart

Tok han ikkje berre heile scena.
Han tok over heile Holmen, han utkonkurrerte sjølvaste Kongen, og snart blei til og med naturen, den storslagne naturen her ute i havgapet ytterst i sogn, vest av Eivindvik og sør av Sognesjøen og midt i leia, berre kulissar for denne karismatiske superrockaren.
Verdensklasse!

Denne gamle kjenningen

Elska det han såg og høyrde.
Du hadde heilt rett Øystein.
Black Debbath.
Heilt Konge!

Ikke bare Egil

Denne gong. Egil Hegerberg rockar og bassar som ein ekte tungrockar.
Vidare nedover finn du bilder av alle han koste seg på scena med.
I Skjerjehavn.
På Utkantfestivalen.
Heilt Konge!




Aslak Guttormsgaard

Kan meir enn å spela i Hotell Cæsar.


Ole Petter Andreassen





Heile Bandet

Black Debbath

Hei du.

Turbo Neger kjem etterpå!

mandag 29. juli 2013

Gutane frå Alverstraumen

Heilt plutseleg

Dukka desse to karane opp og la seg inntil Ariel.
Øystein og Ivar heiter dei, og det skulle vise seg at dei er to knakande kjekke karar.
Og gode kompisar. Skikkeleg gode kompisar.
Rett og slett verdens beste komisar, på tur.

Det tok ikkje

Lange tida før begge karane var ombord i Ariel.
Far min er interessert i trebåtar sa han Ivar, og lurte på om han kunne få ta ein kikk.
Det fekk han.
Både han og Øystein
Det der med trebåtar var nok eit luretriks Ivar hadde lært av far sin.

Mellom alvorspraten

I styrebrønnen på Ariel var det konsertar.
Fyrst Black Debath, så Turboneger og til slutt Ramsund. Det blei tid til eit par mindre kjente artistar òg. Blant anna Thea Hjelmeland som du finn ein video av, saman med Ariel, ein annan stad på bloggen

Meir alvorsprat

Om god vin, som det viste seg at Ivar var litt av ein ekspert på.
Og tidevannspumper, som Øystein oppdaga nye muligheitar med, under ein av alvorspratane i styrebrønnen.
Mykje anna alvor og skjemt blei det tid til òg.
Eigentleg veldig mykje.
Blandt anna om kor det blei av rauvinen til Øystein?
Det visste Elvis sjølvsagt ingenting om.

Og etterkvart

Vart karane gode til å balansera fryktlaust på klyverbommen til Ariel.
Både han Øystein...

... han Ivar...

...og han Elvis



Men snart var det ein ny dag

Og karane måtte heim at.
Men Kongen på Skjerjehamn kunne ved sjølvsyn konstatera at Øystein, Ivar, Holingen og Elvis hadde hatt ei makalaus stund, og var blitt vener for livet.
God tur heim karar.
Og på gjensyn!