tirsdag 30. juli 2013

Litlebergen


Litlebergen!

Me kan sjå det for oss.
Den vetle guten som gråtande klager til mor si;
"Mamma, mamma, eg vil heita Bergen, eg vil heite Bergen."
Jammen du kan ikkje det skjønnar du, vetleguten min. Storebror din heiter Bergen, veit du.
"Jammen, Jammen. Eg vil heite Bergen, eg òg!", grin guten.
Javel, javel sukkar mora. Du får heite Litlebergen då. Til du blir stor.
Ko tid blir eg stor då? spurde sikkert Litlebergen mor si.
Nei det veit eg ikkje, sa nok mori.
Han hadde ei klok mor, Litlebergen.

Men ei bru

Har han fått, Litlebergen.
Sjølvaste Nord-Hordalands brui.
Ei kombinert flyte og hengebru som det berre finns få i heile verda.
Han vart nok stolt då, Litlebergen. Når han fekk bru.
Og glad.
For no veks han fort. Veldig fort.

Ei riktig perle

Er Litlebergen.
Berre synd at Marinaen var nedlagt.
Litlebergen bårforening hadde overteke alle gjesteplassane.
Men me hadde som vanleg lukka med oss.
Karen nedanfor, som var fastbuande på båten sin i Litlebergen, viste om ein  plass som var ledig, fordi eigaren var på tur i Nord-Norge. Han hjalp oss tilrette og lot oss få straum. Ein god prat hadde han å tilby også.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar