mandag 19. august 2013

Ved reisens slutt

Corned Beef

Krydra med lauk, surra i sukker og fersk chilli. Pote, alla Holingen, kokt nøyaktig på tid, denne gong ekte norsk mandel, uvaska, med ei spiseskjei salt. Musserande, denne gong ekte sjampanje. Og til slutt Napoleonskake med pulverkaffi.
Sjølvaste favorittretten, vart sjølvsagt servert i styrebrønnen på Ariel, Laurdag den 17. August 2013, omlag kl 1200, som markering på at Kysten Rundt med Holingen og Elvis er over, og at mannskapet er komen heim.
Da var det ekstra kjekt at konene til Holingen og Elvis også var med, og gjorde markeringen til akkurat det den skulle væra.

Tusen takk for turen. Tusen takk til alle som følgde oss. Tusen takk til alle me traff og hadde det moro med. Tusen takk til alle som gjorde turen mogeleg for oss. Og spesielt tusen takk til familie og arbeidsgjevar som ga oss tid og rom.

Helsing
Holingen og Elvis

torsdag 15. august 2013

Stavern - Horten

Han skulle stå frå sør

Sa Holingen, litt frustrert, sidan han hadde studert vind og værkart nøye før denne siste seilasen på vår reise kysten rundt.
Hm, meinte Elvis, og sjekka vindkartet på yr.no ein gong til.
Kong Neptun er med oss i dag ser det ut for, konkluderte Elvis.Tydeleg fornøgd med observasjonen.
Han ska stå mot sør ut sundet her, ut forbi Svenner fyr og til den lykta som markerer slutten på Rakke båane.
Så skal han snu. På sør. Og styrka seg gjennom dagen.
Me har fair winds og following seas fra start i dag konkluderte begge, og drog på smilebåndet.
Mykje meir vart ikkje sagt.
Det vart ein tur i stille kontemplasjon og glede over at den siste dagen blei ein seglardag av beste merke.
Som om Kong Neptun, akkurat som då me starta turen, ville vise at han var med oss.
Heile vegen. Heilt fram.

Litt vemodig

Men no legg me ut på turens siste etappe

Det er meldt skybrudd på fredag.
I dag er det sol og sønnavind
Me satsar på at vinden held seg, og at me kjem inn i  Horten Indre Havn for fulle segl litt ut på kvelden i dag.

onsdag 14. august 2013

Ein tanke


Det nærmar seg slutten på reisa vår

Frå fyrste dag har denne turen vore eit eventyr.
Ikkje frå fyrste reisedag, men frå den dagen Holingen og Elvis sovna i kvar sin stol over ein god cognac, med ein feit sigar i kjeften, vel forlikte om at Kysten Rundt med Holingen og Elvis var bestemt, har denne reisa vore eit eventyr.
Frå dagane med planlegging av reisa sitt hovudmål og dei ulike delmåla, til dei daglege taktiske og operasjonelle arbeidsoppgaver, som å følgje med på vind og vèr, finne ut kvar vi skal dra no, stikke ut reiserute frå hamn til hamn, drøfte val av lei, indre eller ytre, eller kanskje velje ei kronglete som ingen, eller berre få andre, har gått før oss, slik at me kunne oppdaga nytt land, nesten som store oppdagarar på jakt etter ny og ukjent mark i ekspedisjonar der me kunne plante flagget for konge og fedreland, eller finne ukjente sommarfuglartar som me kunne gje namn som for eksempel «Holingus erektus», eller noko anna fint, som vista at det var me som hadde oppdaga akkurat denna somarfuglen, eller alle møtene med menneska, som har sett oss og åpna opp for samtaler om alt og ingenting, det viktigaste av alt, og bydd på mat og drikke og godt selskap, og landskapet; kysten, den langstrakte norske kysten, med fjordane, både dei korte og dei lange, dei breie og dei smale, dei grunne og dei djupe, øyane, holmane, skjera, dei fantastiske fyrlyktene me har, og alle båtane, gamle og nye, ferjene, med kaffi og svele, og cruisebåtane, med engelskmenn, tyskarar og hollendarar.
Og havnene, og butikkane, spesielt dei små og velassorterte landhandlarane, mange berre opne om somaren, nokre få veker, og reker og pølsegryta, for ikkje å snakka om corned beef, corned beef med pote, kers pink frå fitjar, uvaska og nyplukka rett frå åkeren, og tilberedt av Holingen, verdens fremste kjennar av pote, og makrell, fersk makrell bakt i gassovn med salt, smør og dill, og pote laga av Holingen, og agurk og rømme, ekte rømme, og byane, og bygdene, for ikkje å snakka om sauene og spesielt geitene, geitene i sogn, der inne ved Undredal, geitostens hovudstad.
Ja alt.
Heile vegen frå tanke til handling, frå plan til gjennomføring, frå hamn til hamn,  frå dag til kveld, fra natt til dag og frå leik til moro har vore som ein god draum der alt går som ein vil, flyt fint og er berre heilt allright. Nettopp, berre heilt allright.

Om du ber meg, midt oppi i alt dette,  å tenka ein tanke om kva denne turen har gjett oss, utover fantastiske dagar og opplevingar?
Då er den tanken slik;
Tenk om me kan ta med oss følelsane me har hatt over å væra så heldige å få gjennomføra turen vår, det å ha familie og arbeid som har gjett oss anledningen, det å stå opp om morgonen og gleda seg til ein ny dag og lura på kva den skal by på, det å møta kvar ny dag med undring og pågangsmot, det å sovna inn om kvelden, på eit blunk, sove som ein stein, og ikkje vakna før soli står opp, eller litt seinare viss me hadde lyst til det, det å være kongar i våre eigne liv.
Tenk om me kan ta denne følelsen og livsanskuelsen tilbake til det vanlige livet. Tenk om me kan gleda oss over kvar dag, og tenk om me kan læra å elska kvardagen i normallivet akkurat like mykje som me har elska kvardagen om bord på Ariel.
Tenk om me klarer å glede oss over livet, akkurat som me har gleda oss over turen.

Den tanken skal få slå rot. Og den skal få veksa og bli stor. Så stor at livet, resten av livet, skal bli ein draum som går i oppfylling. Kvar dag skal levast som ein draum. Som draumen om «Kysten rundt med Holingen og Elvis».
Nei ikkje som draumen.
Som turen. Som turen, skal livet levast.
Det prosjektet skal kanskje heita noko slekt; «Resten av livet, med alle som vil væra med»

Myggen lærer Holingen og Elvis å kasta piler

Moro var det

Når Erik Mykland kom innom på puben vår i Risør og lurte på om han kunne få spele Dart med oss.
Det fekk han sjølvsagt.
Erik hadde mykje å lære bort, og det vart ein skikkeleg hyggeleg kveld med Erik og fleire av vennene hans i Risør.

Peterhead

Sjølve grompuben i Risør

Kragerø

Det går fort austover og heimover no

Ein strålande seilas frå Risør, berre avbroten av ein to tre torebyger med tungt regn, låg bak oss då me smaug oss sakte inn på Kragerø Gjestehavn.
Heilt nyoppussa er gjestehavna i Kragerø, og denne gong med alle fasilitetar i full drift.

Stort sett sol

Med byger innimellom

Men i Kragerø

Er alt om det pleier.
Sol, somar og berre fint.
Ja, bortsett fra det stygge skaret på Berøy, der dei har bygd ein by som om det er trangt som på Manhatten i den norske skjærgården!!!

Vakkert i sentrum

Risør

No når me veit

Kva flekken i berget over Risør by betyr, takk vera Hilberg, så er det lett å fnne havna i Risør på vår veg austover mot Horten.

Og veldig hyggeleg 

Å oppdage at vertane i gjestehavna er akkurat like flinke og blide som sist me var innom

Og været

Ja været var med oss i Risør og.
Og solnedgangen.

Julle 5

Jammen dukka han opp igjen

Julle, eller svensken som me kallar han.
Holingen varsler vår ankomst ned i Klondike, båten til Julle

Og opp sprett

Sjølvsagt Julle.
Like blid som alltid, og glad for å treffe to karar som er like sprø som han sjølv.
Det er bara jag, og ni två, pleier Julle å seia, når han skal forklare kor glad han er for å treffe likesinna.

Mykje moro

Og mykje latter, blir det sjølvsagt når me skal utveksle bilder og historiar om kvarandres opplevingar på vår reise kysten rundt.

Lyngør

Lyngør 

Måtte me sjølvsagt innom.
Det hadde me fått tips om av Hilberg.
Me hadde gledd oss til lunsj hos Tantene på Lyngør.
Åpenbart hadde me misforstått Hilberg, for det var ingen som kjente til tanter på Lyngør.
Lyngør var ein flott plass, og det blei fine bilder fra øyene rundt sundet som var arena for senkingen av den Dansk/Norske fregatten Najanden i 1806.

Ariel passar godt inn 

Ved kai i Lyngør, utanfor Lyngør Husholdningshandel. Ja det heiter den lokale landhandelen på Lyngør,

Husholdningshandelen

Det er kafè her også.
I somarsesongen. Men dessverre stengt då me kom.

Flotte skilt

Og flotte gater

Eller smug, må vi vel kalle det, her ute på Lyngør


Frå restaurangen på øya

Seilmakerfruens Kro.

Uteterassen

Interiøret

Og Naboen til 

Seilmakerfruen

Litt info

Kan ein finne om slaget i 1806.
Men ikkje mykje.

Tvedestrand

Etter Arendal

Hamna me i Tvedestrand.
Sesongen var slutt, og det var stille og roleg i den litt slitne sjøfartsbyen når me var innom.
Fine bilder blei det.
Og innseglinga med alle fine uthamnene er strålande vakker.



Denne fine Anda

dukka opp hos oss mens me låg i Tvedestrand.
Her sit ho på lettbåen og viser seg litt fram.





Hamen

Mykje rart

Har funne vegen til sundet mellom Hisøy og fastlandet.
Her ligg Hamen.
Det er ein utrangert dampskute, ombygd til diesel, etter krigen, og dreiv opprinneleg i kullfart på vestkysten av Wales og England.
Seinare solgt til Norge for å gå i Nordsjøfart.
Etter fleire år som vrak i den svenske skjærgården fann nokon ut at skuta skulle restaurerast til museumsskip.
Søker du på Hamen på Goggel finn du ut at ikkje alle meiner det er ein god strategi
Men skuta flyt no, etter ein overhaling til nokre millionar på eit verft i Hirtshals i Danmark


Breiflabben 2

Ved Eydehavn

Tvers av Eydehavn, på Hisøy, fant me denne fine skuta, Amiga,


Og Eigaren.

Han heiter Sven

Det blei sjølvsagt

Ein god prat mellom to stolte eigarar av to stolte skuter.

Flott og velholdt ved kai.

Amiga ved kai

Tvers av Eydehavn, med Sven på Brygga framføre huset sitt, og dei gamle direktørboligane til sjefane på det nedlagte Aluminiumsverket i bakgrunnen.

Eydehavn

Oppkalt etter Sam

Og døypt av kona hans, ein somardag i 1913 etter at Sam, Sam Eyde, Norges svar på Rockefeller og ein gigant innan industribygging i landet vårt, er ikkje lenger det det var.
Ikkje er det ein liten vakker jordbruksbygd lenger, og heller ikkje er det ein industristad i vekst.
Både Silisiumkarbid og Aluminium er det slutt på her i Eydehavn.
Berre bygningsmassen står igjen på bryggekanten.
Og tungmetall. I sjøen utanfor.
Ja, og den nye brygga som Arendal kommune har investert i.
Kanskje er det håp for framtidig vekst i Eydehamn allikevel.





Avgang Kragerø

Retning Stavern.

mandag 12. august 2013

Me gjer som Hilberg

Me dreg vidare til Lyngør.

Der er me på jakt etter Tantene på Lyngør.
Dei skal vist servera veldig god lunsj.
Også skal det væra so heimekoseleg der.

søndag 11. august 2013

Arendal

Me hadde høyrt

At det skulle væra festival i Arendal når me ankom.
Politikarfestival, eller "Arendal-uka" som dei kallar det.
Me var spent på om det var plass til oss.
Men det var det. Ikkje i Pollen, men på den store gjestebrygga lenger vest, borte ved det gamle rådhuset.
Heilt ytterst, men longside, låg me godt, med rompa mot solnedgangen, men med litt vind fra samme retning som balanserte opplevelsen litt.

Me tok ein rask runde

i pollen for å ta tempen på politikarar og andre samfunnsaktørar. Men oppmerksomheita fall meir på dei som frambydede ferske saker frå havet.

Over ein kald pils

Speida me etter meir engasjement hjå politikarane.
Men det var vel meir trøkk i baravisa til Hill, på solsida, enn det var i politikarande. I allefall så tidleg på dag.

Men fe fekk blikk

På denne fine båten.
Han låg inne i Pollen og solte seg i glansen.
Det er ein Breiflabb, som Ariel. Den kjem me nok tilbake til i ein anna reportasje.

Tilbake i gjestehavna

For å ta fredagsvasken ombord, traff me denne jenta.
Ho var vertskap i havna, og gjorde livet i havna  både triveleg og enkelt for oss på Ariel.
Det var Trine Pernille som fortalte oss at det skulle bli party på brygga vår i kveld.
Politikarparty.

Og det tok ikkje lenge

Før statsrådar og andre notabilitetar tok til å sige inn på brygga vår.
Dei verka kvikke i steget, ved godt mot og i godt humør.
Det var altså ein grunn til at politikarane sparte på engasjementet og energien inne i pollen tidlegare på dagen.
Dei hadde planar for kvelden.
Sjølvsagt har me mykje sprengstoff i form av avslørande bilder og sterke utsegner. Det er løge med det når ein får sitta slek på brygga og følgja med på det som skjer. Men alt det får bli mellom oss som var tilstades.

Før me tok kvelden

Og gjekk til køys, blei det ein liten vandring til på bryggekanten rundt Pollen.
Då oppdage med dette flotte skipet.
Ho heiter Sandnes. Ho liknar dei gamle hurtigruteskipa, men er ikkje det. Sandnes gjekk i nattrute mellom Sandnes og Bergen fram til 1974.
Ho er restaurert no, og går i slutta lag. I Arendal var ho leigd inn som bevertningsstad og flytande hotell for politikarane som deltok på "Arendals-uka".

Når me får ein sjans

Til å innta slike elegante og tradisjonsrike omgjevnader som ombord på Sandnes, så var det klart at me måtte ombord å få oss ein GT.
Det vart ein perfekt avslutning på kvelden i Arendal. Spesielt perfekt vart det når Vidar Busk stod på hi sida av Pollen, og spelte det han kan best; Ekte Blues. God gammaldags gitarblues av beste merke.
Noko skal ein jo fordriva tiden med. Ikkje sant?