onsdag 14. august 2013

Ein tanke


Det nærmar seg slutten på reisa vår

Frå fyrste dag har denne turen vore eit eventyr.
Ikkje frå fyrste reisedag, men frå den dagen Holingen og Elvis sovna i kvar sin stol over ein god cognac, med ein feit sigar i kjeften, vel forlikte om at Kysten Rundt med Holingen og Elvis var bestemt, har denne reisa vore eit eventyr.
Frå dagane med planlegging av reisa sitt hovudmål og dei ulike delmåla, til dei daglege taktiske og operasjonelle arbeidsoppgaver, som å følgje med på vind og vèr, finne ut kvar vi skal dra no, stikke ut reiserute frå hamn til hamn, drøfte val av lei, indre eller ytre, eller kanskje velje ei kronglete som ingen, eller berre få andre, har gått før oss, slik at me kunne oppdaga nytt land, nesten som store oppdagarar på jakt etter ny og ukjent mark i ekspedisjonar der me kunne plante flagget for konge og fedreland, eller finne ukjente sommarfuglartar som me kunne gje namn som for eksempel «Holingus erektus», eller noko anna fint, som vista at det var me som hadde oppdaga akkurat denna somarfuglen, eller alle møtene med menneska, som har sett oss og åpna opp for samtaler om alt og ingenting, det viktigaste av alt, og bydd på mat og drikke og godt selskap, og landskapet; kysten, den langstrakte norske kysten, med fjordane, både dei korte og dei lange, dei breie og dei smale, dei grunne og dei djupe, øyane, holmane, skjera, dei fantastiske fyrlyktene me har, og alle båtane, gamle og nye, ferjene, med kaffi og svele, og cruisebåtane, med engelskmenn, tyskarar og hollendarar.
Og havnene, og butikkane, spesielt dei små og velassorterte landhandlarane, mange berre opne om somaren, nokre få veker, og reker og pølsegryta, for ikkje å snakka om corned beef, corned beef med pote, kers pink frå fitjar, uvaska og nyplukka rett frå åkeren, og tilberedt av Holingen, verdens fremste kjennar av pote, og makrell, fersk makrell bakt i gassovn med salt, smør og dill, og pote laga av Holingen, og agurk og rømme, ekte rømme, og byane, og bygdene, for ikkje å snakka om sauene og spesielt geitene, geitene i sogn, der inne ved Undredal, geitostens hovudstad.
Ja alt.
Heile vegen frå tanke til handling, frå plan til gjennomføring, frå hamn til hamn,  frå dag til kveld, fra natt til dag og frå leik til moro har vore som ein god draum der alt går som ein vil, flyt fint og er berre heilt allright. Nettopp, berre heilt allright.

Om du ber meg, midt oppi i alt dette,  å tenka ein tanke om kva denne turen har gjett oss, utover fantastiske dagar og opplevingar?
Då er den tanken slik;
Tenk om me kan ta med oss følelsane me har hatt over å væra så heldige å få gjennomføra turen vår, det å ha familie og arbeid som har gjett oss anledningen, det å stå opp om morgonen og gleda seg til ein ny dag og lura på kva den skal by på, det å møta kvar ny dag med undring og pågangsmot, det å sovna inn om kvelden, på eit blunk, sove som ein stein, og ikkje vakna før soli står opp, eller litt seinare viss me hadde lyst til det, det å være kongar i våre eigne liv.
Tenk om me kan ta denne følelsen og livsanskuelsen tilbake til det vanlige livet. Tenk om me kan gleda oss over kvar dag, og tenk om me kan læra å elska kvardagen i normallivet akkurat like mykje som me har elska kvardagen om bord på Ariel.
Tenk om me klarer å glede oss over livet, akkurat som me har gleda oss over turen.

Den tanken skal få slå rot. Og den skal få veksa og bli stor. Så stor at livet, resten av livet, skal bli ein draum som går i oppfylling. Kvar dag skal levast som ein draum. Som draumen om «Kysten rundt med Holingen og Elvis».
Nei ikkje som draumen.
Som turen. Som turen, skal livet levast.
Det prosjektet skal kanskje heita noko slekt; «Resten av livet, med alle som vil væra med»

2 kommentarer: