Havner vi har besøkt

Lillesand:

Finaste indrehavn me har sett?

Kanskje etter Lagunen - Indre havn - i Horten
Etter ei vakker innsegling gjennom eit passe stort nåløye åpnar Lillesand indre havn seg. Ei praktfull naturhavn.

Meir om Lillesand her


Risør:

Risør Havn

Risør er akkurat så pittoresk vakker som folk seier.
Ei flott havn med moderne fasilitetar og ikkje minst kort veg til fine uteplassar med trivelege folk frå byen, samt god mat og drikke.
Her er havna sett fra det gamle kystfortet på åsen over byen. Ariel ligg til venstre, heilt ytterst i gjestehavna.


Kragerø:

Vakkert det skal væra visst. Me kom til Kragerø etter ein flott og solrik seilas ein sein ettermiddag. Her møtte me nok ein gong ei superhyggeleg havnevertinne. Ingen problem for store og ingen for små. Dei nye fasilitetanse i Kragerø gjestehavn, som riktignok ikkje var heilt 100 % tilgjengelege når me for forbi, kjem til å bli ein knallsuksess for alle sjøfarande som stoppar i byen.

Langesund:

Langesund fortener ei gjestehavn med enda større kapasitet enn de få titalls båtane som kan legga til her. Denne koselege byen med det vakre og idylliske torget er ei perle langs kysten. Victoriagaarden, mindre kjent enn Wrightegaarden, men enda meir sjarmerande, og alle dei andre kafear , kroer og pubar dannar, saman med butikkar av alle slag i dei smale smuga av nokre gater, ei perfekt ramme for ein deilig sommardag. Eller kveld. Eller natt.







Stavern:

Havnefogden i Stavern var ikkje berre ny av året. Ho var flink og. Om alle havnefogdar gjer like flott informasjon om havna si er det berre flott å væra havnegjest i Norge.

Horten indre havn

Lagunen og kjeppen.


På ei nordvendt halvøy midt i Oslofjorden ligg Gamle Horten Gård. Sjølvaste Horten Gård. Vakkert plassert på ein høgde på halvøya, med Oslofjorden, vakker og imponerande mot Øst, og sjølvaste Lagunen mot vest. Lagunen, i dag kjent som Horten Indre Havn, ligg der, nærast sirkelrund, og kitlar Horten Gård i gjerdestolpane. Sirkelrund, stor og vakker. Avgrensa av fastlandet mot sør og vest, Horten Gård og halvøya mot Øst og dei vakre Øyane Østøya, Mellomøya og Løvøya i Nord, er Lagunen skapt for liv og røre. Skapt for å være vugge og senter for ein oase av hus og folk. Ein oase av bryggekantar og strender. Bryggekantar, og gater, fulle av butikkar, kafèar, restaurantar og folk. Innbyggarar, innflyttarar og folk som berre er på besøk. Turistar. Badestrender fulle av barn, vokse og gamle som badar og solar seg. Og et is og drikk brus. Eller god vin. Kanskje Rosèvin. Eller sjamanje og Cava? Sjølvaste Lagunen skulle vore full av eit yrande båt og badeliv. Folk skulle være glade og det skulle være sol. Alltid sol.
Slik skulle det ha vore i Lagunen. Slik skulle det ha vore i den finaste byen i den finaste indre hamn i heile Norge. Kanskje den finaste i heile verda.
Om ikkje ein mann hadde gløymt att kjeppen sin på Horten Gård. Tenk det. Ein unseleg kjepp kom til til å gjera Halvøya, Østøya og Mellomøya folketomme og utilgjengelege for folk. Kom til å sørge for at det aldri blei brygger, gater, kafèar og strender der folk kunne kose seg og nyta livet. Ein skarve kjepp gjorde at båt og badeliv i Lagunen berre blei ein dråpe av det det skulle ha vore.
Ein kjepp!