mandag 29. juli 2013

Gutane frå Alverstraumen

Heilt plutseleg

Dukka desse to karane opp og la seg inntil Ariel.
Øystein og Ivar heiter dei, og det skulle vise seg at dei er to knakande kjekke karar.
Og gode kompisar. Skikkeleg gode kompisar.
Rett og slett verdens beste komisar, på tur.

Det tok ikkje

Lange tida før begge karane var ombord i Ariel.
Far min er interessert i trebåtar sa han Ivar, og lurte på om han kunne få ta ein kikk.
Det fekk han.
Både han og Øystein
Det der med trebåtar var nok eit luretriks Ivar hadde lært av far sin.

Mellom alvorspraten

I styrebrønnen på Ariel var det konsertar.
Fyrst Black Debath, så Turboneger og til slutt Ramsund. Det blei tid til eit par mindre kjente artistar òg. Blant anna Thea Hjelmeland som du finn ein video av, saman med Ariel, ein annan stad på bloggen

Meir alvorsprat

Om god vin, som det viste seg at Ivar var litt av ein ekspert på.
Og tidevannspumper, som Øystein oppdaga nye muligheitar med, under ein av alvorspratane i styrebrønnen.
Mykje anna alvor og skjemt blei det tid til òg.
Eigentleg veldig mykje.
Blandt anna om kor det blei av rauvinen til Øystein?
Det visste Elvis sjølvsagt ingenting om.

Og etterkvart

Vart karane gode til å balansera fryktlaust på klyverbommen til Ariel.
Både han Øystein...

... han Ivar...

...og han Elvis



Men snart var det ein ny dag

Og karane måtte heim at.
Men Kongen på Skjerjehamn kunne ved sjølvsyn konstatera at Øystein, Ivar, Holingen og Elvis hadde hatt ei makalaus stund, og var blitt vener for livet.
God tur heim karar.
Og på gjensyn!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar