lørdag 29. juni 2013

Silkeseilas fra Mandal til Stavanger

Turens absolutte toppunkt så langt

22 timer's seilas fra Mandal til Stavanger.
Avreise med høg, blå himmel, og Aust, nord-austlege vindar. Dvs at vinden skulle være akkurat perfekt i forhold til Ariel sin seglingsstyrke. Dvs vind inn frå mellom klokka 4 og 5. Alt låg tilrette. Akkurat som kaptein Holingen hadde venta på. I fleire dagar hadde Holingen prøvd å forklare fyrstereisguten Elvis, kvifor det var lurt å vente med å krysse Lindesnes. Det er forskjell på motvind og medvind, veit du, pleide Holingen å trøsta Elvis med når Elvis blei for ivrig og ville vidare.

Berre småkrusingar

når vi passerer Lindesnes Fyr.

Elvis set seg nye mål

Maks 9 knop om vindane står rett forklarte Holingen. Denne skuta klarar ikkje meir enn det.
Det skal me prøva å gjera noko med, tenker Elvis, over ein siste kaffikopp før han skal ta over som Styrmann.

Holingen er fra seg av beundring

Snart 10 knop ropar Elvis til Holingen, idet GPS'en viser 9,9 knop. Men Holingen er ikkje like rask når han vil dokumentere farten og den nye rekorden til Ariel, under normal segling.
Men 9,4 knop klarar han å dokumentere. 
Fair winds and following seas seier Elvis, og smiler lurt mens Holingen knipser så fort han kan. Dvs omkring 9,4 knop.

Kartlesing må til

Litt nytta av orientering på land og kartlesing på uendelig mange turar i fjellet kjem faktisk til nytte på sjøen og. Særleg etter at Holingen har lært Elvis om dei ulike sjømerka slik at han skjønnar litt av sjømannsspråket

Nokon seier det er stygt

Både Holingen og Elvis synes at vindmøllene på Lista er vakre. Særleg når ein tenkjer på at dei står der og gjer nytte for seg. Kvar dag lagar dei energi som kjem til nytte. Energi til folk. Folk flest.

Vakkert i lav kveldssol

Ca 3 omdreiningar i minuttet! I allefall mens sola står lavt og vinden blåser bris fra aust nord-aust.
I sirkelrunde bevegelsar. Nokon meiner sirkelen er den perfekte form.
Ganske fint å tenka på. At noko som er fint  kan gje energi. Positiv, bærekraftig energi.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar