mandag 5. august 2013

Brandasund

Sjølvaste Paradiset?

Me skulle berre finna Nordvesten, og plukka ut Brandasund som det vestlegaste punktet, vest av Fitjar, med nokonlunde ly for lumske vindar, slek at me kunne få god kvile og kort veg til havs før me sette fulle segl, utaskjærs, mot sør og austlandet.
Ikkje viste vel me at me skulle koma til sjølvaste paradiset.
Ei gamal havn med eigen hermetikkfabrikk, som i si tid var verdskjent for sine ansjosar på boks. Og brilsing. Også den på boks.
No er fabrikken vorten butikk, eller landhandel, kysttun, restaurant, pub og kafè. Fabrikkloften heiter den. Altså restauranten. Ja, og puben. Og Kafèen. Restauranten, puben og kafèen er eigentleg same plassen. Ganske praktisk eigentleg. Så kan du bestemma deg etter at du kom, om du vil på restaurant, pub eller kafè.

Før me er på land

Dukkar denne karen opp.
Han røyker karva blad, og driv heile Brandasund.
Landhandelen, kysttunet, restauranten, puben og kafèen.
Han dukkar ikkje opp fordi han er ivrig pengeinnkrevar. Men mest fordi han vil slå av ein prat. Eller helst mange.
Og det blei det. Mange pratar. Ikkje minst om korleis plassen skulle forvaltas vidare. Og korleis han skulle klara å overtale sonen, som no bur i Bergen, til å overta heile greia. Det blei det ei fin løysing på denne kvelden. Så kanskje det er junior som driv her ute neste år? Den som seglar får sjå!

Kysttunet

Ein idyll vel verdt å besøka.

Restauranten

Eller puben?
Eller kanskje kafèen.
Her ved det vakre inngangspartiet, som er originalt fra den tid det var hermetikkfabrikk her. Det er resten av Fabrikkloftet òg. Originalt!

Idyllen 

Blir komplett når det dukkar opp ei hes i lia bak det vakre kysttunet som ligg idyllisk midt i Brandasundet, ved gjestebrygga.

Det siste som skal sjekkast

Er utsikten.
Her vest er det ingen ting som hindrar sikten skal ein tru.

Og det stemmer

Oppe ved den gamle kikertposten som kystartilleriet bygde etter 2. verdskrig, på det høgste punktet på Brandøy, no nedlagt og overteken av privatpersonar, er utsikten formidabel.

Kunne det bli bedre

Med det vakre sundet, husklynga med landhandel, kysttun, restaurant, pub og kafè, ein ekte hes og utsikt til all eva?
Ja det kunne det.
Det kunne bli ein liten poteåker. 2 ganger 3 meter med poteplanter i full blom.
Det tok kaka for Holingen.
Han er tross alt Norges fremste ekspert på poter.
Og poteelskar.
Det blei mykje å skryta av på bryggekanten før me tok kvelden, etter ein fin ettermiddag på Brandøy og i Brandasundet. Han verka fornøgd sjefen òg, i det han takka for selskapet og ønskte god natt og på gjensyn neste år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar