søndag 28. juli 2013

Styvi

Styvi har me blogga om før

Da me var over oss av beundring over opplevingar og inntrykk.
Her ser me Bottolf ankomme Ariel med rullestolsendte nysteikte vaflar. Nysteikte av ho Kjellaug, kona til Bottolf. Regnet pøsa ned denne litt seine ettermidagen. Men det plagar ikkje Bottolf. 93 åringen har viktig arbeid å gjera. Han skal sikra at den aller siste vaffellproduksjonen til Kjellaug kjem trykt fram til desse to merkelege karane som dukka opp på garden tidlegare på dagen

Elvis tek imot

Og bøyer seg i bryggekanten av beundring. Både over produksjonen til Kjellaug på 89, og til ekspressleveransen med elektrisk rullestol, utført av Bottolf.

Ferske og supergode

Vafler.
Ekspressendt- Med rullestol!

Bottolf og Elvis

Er klare til ein ny dag.
Og denne dagen er det sol.
Det blir snart frukost på brygga i Styvi.
Med eit par vaflar som er til overs fra i går. Pluss litt rømme. Og litt godt syltetøy.

Bottolf

Rullestolen, og Ariel.
Alle ved Styvi Kai.
Postkaien på Styvi.
Kaien med verdens minste postkontor.
Og verdens beste vafler.
Og Bottolf. Og Kjellaug.

Frukosten er snart klar

Og Bottolf

Som ikkje vil ha frukost, kosar seg på brygga. I sola. Og i rullestolen sin.
I godt selskap med Holingen og Elvis.

Før frukost

Fekk Elvis tid til ein tur over fjorden.
Mest fordi soli stod opp tidlegare der borte. Men litt òg fordi han var nyskjerrig på kva som var på andre sida av fjorden. På plassen dei kallar for Dyrdal. Det blei ein fin tur der Elvis fekk mykje ny kunnskap. Han Bottolf var nok ikkje einig i at alt Elvis hadde med seg over fjorden att var verdt å samle på.

Ho Kjellaug

Ho putla med sitt heile dagen. Og var blid som ei sol.
Kanskje fordi ho lagar verdens beste vafler?
Til verdens to kjekkaste karar?
Ombord på verdens finaste skute?
Kven veit.

Seinare på dagen

Og før avreise til Årdal blei Holingen og Elvis med Bottolf på ei vandring i museet til Bottolf og Kjellaug. Eit ekte gardsmuseum. Med historiar fra garden Styvi, gardane rundt, Nærøyfjorden, og ikkje minst postomberinga langs den kongelege postvegen.
Her er stabburet. No del av museet.

Bottolf i storstova

På Styvi. Mens han innleiar museumsrunden med historiar om garden, fjorden, postombering samt folk og liv i Nerøyfjorden
Sveivegrammafonen er berre til pynt. Han Bottolf snakkar høgt nok. Og tydeleg.

Meir fra storstova på Styvi.

Holingen finn rare ting

Overalt og heile tida.
Snart skal han få nytt havn.
Espen.
Espen Askeladd.
Nei forresten. Det går ikkje. Sonen hans heiter jo det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar