søndag 28. juli 2013

Onstad

Holingen er på leit

På leit etter opphavet sitt.
Riktignok er Holingen fødd i Hol. Fødd på Geilo sjukestugu, og produsert bak ei krasfaren steinbu på ein støl over Høvet, vest av Hol sentrum av far og mor si. Men Tippoldefar hans er Sogning. Fra Aurland. Fødd og oppvaksen som han var på lensmannsgarden Onstad, like ved dei beste laksehølane i heile Aurlandsfjorden. Jon heitte tippoldefar til Holingen. Jon Onstad. Han var handelsmann og dreiv med kjøp og sal av hestar og krøter. Det var på eit slikt handelsoppdrag,mens han kom over ei budeie i Hol som hadde gårdsrett, at han kom til å fundera på om han skulle bli Holing. Og det vart han. Då skifta han navn til Jon Haugen, og gifte seg med budeia.

Her

Seier Holingen, og peikar.
Her, eller der borte, ligg Onstad. Om lag der borte, trur eg.
Kanskje me skal spørja nokon, meinte Elvis, og stoggar ein kar på sykkel som såg litt gråhåra og passe lokalkjent ut.

Og kven anna

enn Johannes Onstad er det som stig av sykkelen og seier seg meir enn villig til å være Holingen sin lokale vegvisar på leit etter både Onstad gardane og sjøvaste Lensmannsgarden, om Holingen vil ha det slik.
Makalaust, sa Holingen, og tok Johannes "Openbaring" Onstad i hånda både for å presentere seg og for å takke for tilbudet som han aksepterte på flekken. Det nye mellomnavnet til Johannes var det Elvis som fant på etterkvart då det skulle visa seg at Johannes sat på så mykje kunnskap om Onstad slekti at det blei, ja, ei openbaring for Holingen.

Holingen lyttar nøye

og intenst til alt som blir fortalt.

Og Johannes fortel.

Og fortel, og forel..

Etter å ha passert 

den opphavelege Onstadgården, går ferda vidare inn eit smug ved Onstadbrui og forbi det eldste vertshuset i Aurland som ligg idyllisk oppetter ein smal markblomsterpynta allè. Når Holingen kastar eit blikk til høgre i det han passerer det vakre huset som ein gong var eit vertshus, men no er feriehus for trivelege austlendingar med ei mor som er fødd Aurlending, ser Holingen fjøset og den gule hovedbygningen på gamle Onstad. Gamle Onstad Gard, som han alt no har lært mykje om.

I enden av den smale vengen

Med vakre markblomster langs kantane finn ein Lensmannsgården. Som blei den nye hovedgården til Onstad-slekti, som følge av at eigarane som hadde den blei barnlause og overlet garden til ein av forfedrene til Holingen. Det fyrste Johannes trekk fram på Lensmannsgarden er det vesle raude huset, bak haugen. Det var eit fengsel før. Og det einaste fengsel som Gjest Bårdsen ikkje rømte ifra. Soga seier ikkje om det var fordi fengselet var urømmeleg, eller om det hadde seg slik at Gjest fekk så godt stell her på Onstad at han blei verande.

Etterpå viser

Johannes fram sjølvaste hovedhuset på Lensmannsgarden. Den dag i dag er dette ein flott og staseleg bygning.

Johannes og Holingen

Framfor Lensmannsgarden.
Og bak lensmannshuset ligg hølen. Laksehølen.

Fengselet

Til høgre i bildet, er no blitt eit fint bolighus.
Til venstre er den gamle låven.
Til venstre for Låven ligg hølen.

Hølen

Som Johannes begynte å prate om då Elvis  lurte på kven som hadde fiska ruggen på veggen. Ein 23 kilos laks, den største som er fanga i Aurland til denne tid, og berre 3 kilo mindre enn den far til Elvis kleppa under tjuvfiske i Lærdalselvi i 1956, eller deromkring,
Den er det eg som har teke, sa Johannes. Det viste seg at denne karen ikkje berre kunne slektshistoria til Holingen, Han kunne fiske også.
Eg tok i i hølen der borte. I slipesteinshølen, sa Johannes.

23 kilo vill laks.

Mektig og makalaust.
Og Holingen er i slekt med fiskaren.

Inne i låven 

Med lasksen på utsida, openbarar det seg ein skatt av eit hus. Det er det eldste hustet i Aurland, fullt av historie som Holingen skal utforske meir om saman med Johannes seinare.

Når dei skal

Fiske etter meir storlaks i Slipesteinshølen. Eller kanskje Kvernhølen. Eller Liverpool.
Du leste rett. Onstadelvi har ein laksehøl som heiter Liverpool.
Eg trur mest på Kvernhølen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar