Kva skal ein seia?
Når ein treff folk som dedikera livet sitt til å ta vare på tradisjonar, levesett og kulturlandskap.Som opnar dørene sine og hjertene sine på vidt gap når det kjem framandfolk til gards. Som er 89 og 93 år, men åpnar sinnet sitt for å høyra nytt om verden og kven den nye gjesten er og kva han er for slags kar. Kvar han kjem ifrå og kvar han skal, og kva han driv med til kvardags når han ikkje driv fjordomkring og stikk innom plassar som Styvi og andre unike plassar som ein i dag ikkje kunne tru at nokon kunne bu, men som i hine tider var ein del av livsnerva til landet me bur i, men som folk flest har gløymt.
Kva skal ein seia?
Som gjest når ein får historiar om fortid og nåtid, om folk og ting, om fjell og gardar og krig og fred og svartedauen og livet som oppstod etterpå. Og seinare på kvelden får nysteikte vaflar rullestolsendt til båten av ein kar på 93, og dei er laga av ei dama, ikkje kva dame som helst, men ho Kjellaug på 89, og livet står stille og båten ligg flott til kai. Til Kai på Styvi. På kaien til han Bottolf og ho Kjellaug. Verdens einaste postbønder som ved sida av å bestyre verdens minste postkontor driv skikkeleg lokalmuseum og kafê. Nedlagt no. Berre midlertidig får eg håpa. Kafèen altså.

Når det regnar om kvelden når ein legg seg på brygga i Styvi. Når neste dag gryr skin soli frå asurblå himmel. Riktig nok på hi sida av fjorden. Ikkje på Styvi, der kjem soli fyrst klokka halv elleve slek te dags. Men kva gjer det når ein berre hiv seg i lettbåten fer fjortvers til Dyrdal og treff soli før andre står opp, og treff den heimflytta ingeniøren, no bonde og frikar, Arild, som bur i Dyrdal og gjerne fortel skrøner som han Bottolf på hi sia av fjorden berre smiler av, for han Bottolf har skreve historen om Nærøyfjorden. Den kan han. Eventyrforteljingar seier han, det har dei i Dyrdal. På styvi har me Historie. Ekte historie.

Når soli kryp ned fjellsida kryssar fjorden sakte og kryp opp på kaien på hi sida av fjorden igjen, og det er tid for å hoppe i lettbåten att, sette fart forbi jektevika styrbord og tingplassen babord, peise forbi salthola krysse fjorden og oppdage at frukosten er klar. Holingen ventar med kokte egg og heit kaffi. Han Bottolf sit i sin elektriske rullestol på kaien og smiler og berre ventar på å fortelje meir og vise fram museet sitt. Og ho Kjellaug pultar i hagen og driv med sitt. Og det er meir vafler frå i går på frukostbordet. Det er bringebærsyltetøy, med rips, og det er rømme. Ekte rømme. Det er frukost på brygga. På brygga i Styvi. Saman med han Bottolf. Og ho Kjellaug putlar på med sitt og smiler.

Kva skal ein seia til slikt?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar