Han Jarle
Elvis er født og oppvaksen
innerst i Sognefjorden. Titt og ofte, i barn og ungdomen, for han med ferja inn
fjorden til Aurland. Forbi Stegen. Den gong tenkte nok ikkje Elvis særleg over
denne høgtliggande plassen som han helst meinte at berre folk med sånn passeleg
vet kunne finna på å bu på i moderne tid. Elvis var mest vant til Årdal, industri
og forureining. Og dau barskog. Og i dette låg framtida meinte nok han, sjølv
om han ikkje tenkte så veldig djupe tanker om den saki på den tida. Men ei
fotballbane burde det ihvertfall være der ein skulle bu. Og ein butikk,
Ihvertfall ein kiosk. Med brus og sjokolade. Og godis. Slik som ein kunne få
kjøpt i laus vekt. Ikkje sjølvplukk som i dag. Det var det ingen som viste om i
hine dagar når ein stod med hove inn kioskluka og sa til ho i luka, for det var
nesten berre jenter, eller damer, i luka den gongen om du ikkje var i Hestetunskiosken, der kunne du treffa på
han Per, han Per Hestetun dreiv gartneri og kiosk, 2 sleke og tre sleke og to
lakris og, og, og, to, nei forresten få resten i lakris.
Dei hadde ikkje fotballbane og kiosk i Stegen. Det var berre å køyra forbi og ikkje tenka meir på den saki.

Seinare. Mange år seinare, då
Elvis var vaksen og kom heim til Sogn etter mange år andre plassar i verden,
kom han til å sjå på Indre Sogn med nye auge. Det var ikkje Industri,
forureining og daue bartre som var framtida. I hvertfall ikkje den berekraftige
framtida. Elvis kom til å bruka mykje tid på naturen igjen. Slek far hans hadde
gjort med Elvis i barndomen, tok han ungane sine med i fjell og langs fjord.
Slek oppdaga han Stegen igjen. No med nye auge. Med nysskjerrige auge lurte han
på kven var det som kunne busetta seg på Stegen. Korleis såg dei ut? Kva tenkte
dei om livet og framtida? Og korleis kan eg koma meg opp på Stegen?
Dette, og kanskje litt anna, lurte Elvis på den dagen han kom med Holingen inn Aurlandsfjorden og stoppa i Underdalen for kvelden.
Berre eit par minutt etter at fortøyningane var på plass sat derfor Elvis i lettbåten på veg til Stegen. For å oppfylla ein draum. Komma seg til stegen. Det er nemleg slik at til stegen kjem du berre med båt, om du ikkje vil gå langt, veldig langt.

No sto plutseleg Elvis på
brygga under stegen, og såg opp. Rett opp. I retning stegen. Stegen ser du
ikkje frå brygga, for garden ligg på ei hylle rett opp, på eit overhengs som du
skal gå under på veg opp. I stupbratt fjell. Som ei geit er Elvis på stegen
etter nokre minutt. Ca 21 for å væra nesten nøyaktig.
På Stegen treff han Jarle.
Elvis kallar han Jarle etter dette fyrste møtet med Jarle. Eigentleg heiter
Jarle, Dee. Dee Cunningham. Han er fødd i Amerika og er Amerikansk statsborgar.
Men han har budd i Norge i snart 30 år. Han bur på Stegen med familien sin om
sommaren. Om vinteren bur han i Fresvik. Der har han og kona kjøpt ein annan
gard som ligg ved kaien. Den heiter også Stegen!
Når Elvis kom opp til Stegen, stod Jarle, på dette tidspunktet heitte han framlei Dee, i Stegen oppetter låveveggen. Han dreiv og snikra på ein ny lafta låve som snart skulle væra ferdig. Det var her Jarle og Elvis kom i snakk. Ein snakk som varte lenge og vel. So lenge at karane blei samde om at dei skulle treffast igjen, og då skulle Jarle være guide for Elvis i fjella rundt Stegen.
Det var under denne gode samtalen Elvis fekk veta alt muleg rart om Jarle, kor han kom frå, kvifor han budde på Stegen, kva han tenkte om garden, livet og framtida. Og kva dei skulle ha til middag som snart stod på bordet fordi kona hans, Hege, dreiv og lagde den akkurat no. Og han fortalte om den nye scena han skulle lage snart fordi Vamp skulle kome forbi og halde konsert her oppe på Stegen. Det var når me kom innom detta med statsborgarskap at Jarle, fortsatt mens han heitte Dee, nevte for Elvis at han hadde lurt på å ta norsk statsborgarkap, men slo det frå seg fordi han hadde oppdaga at dobbelt statsborgarskap var bra for sønene hans om dei vill studere eller arbeide i Amerika. Men navnet sa han. Det hadde han lurt på. Å skifte til Stegen. Fra Cunningham. Det meinte Elvis var ein god idè, sidan han både hadde to gardar som heitte stegen, og pleide å stå i ein stege å arbeide, ganske ofte.
Men då, foreslo Elvis, bør du jo ha eit norsk fornamn også. Eit som liknar på Dee sa Elvis, men det blir litt vanskeleg å finna.
Eg heiter forresten ikkje Dee sa Dee. Eg heiter eigentleg Charles. Seier du det sa Elvis. Då blir det lettare. Då kan du heite Jarle.
Og slik blei det.
Karane skiltes som venner og var einige om å finna på noko som begge lika godt neste gong dei møttest.
Gå i fjellet. Og kanskje prata litt meir i lag. Om livet, kjærleiken og om krig og fred og sånt.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar