Holingen tilbake der eventyret starta
For 14 år sidan, i 1999, kom Holingen for fyrste gong hit til Korsvik Marina og Randøysund båtbyggeri. Her henta han Ariel, etter å ha kjøpt den av Kjetil Lerstad.
Her låg Ariel
Her låg Ariel ein solskinnsdag på ettersommaren i 1999, da Holingen og kjeringi såg henne for fyrste gong.
Kort tid seinare hadde Ariel nye eigarar. Det var forelskelse ved første blikk
Randøysund Båtbyggeri
Og der borte, rett over sundet, låg Randøysund Båtbyggeri, der skroget til Ariel blei støypt. Randøysund båtbyggeri, som hadde rettigheitane til Randøysloopen, tilbydde folk å støypa skrog til båtane sine her på byggeriet. Skroga kunne dei ta med seg og bygga båten ferdig heime, eller ein annan plass. Ca 60 skrog blei støypt av Randøysloopen her på byggeriet. Ca halvparten kom på vatnet som ferdige båtar. Ariel var ein av desse.
Havna ved gamle Randøysund båtbyggeri.
Bygget der Ariel skroget blei støypt og gjort klar for vidare utrusting.
Stolt gjensyn
Holingen er fornøgd med besøket i Korsvik tross alt. Det blir mange minner som dukkar opp når ein er på rotplassen til det båtlivet som Holingen har hatt med båten sin. Ikkje minst etter at han er blitt fora med mykje ny kunnskap om både båtbyggeriet, båten og tidlegare eigarar av svært hyggelege folk som me traff i dagane før me kom til KorsvikI den tiden tida Randøysund båtbyggeri solgte støyperett til Randøysloop skrog, så tilbydde dei også båtbyggarane overnatting ved bårbyggeriet.
Her er Holingen ved ei av hyttene som kanskje blei brukt av den som støypte Ariel i si tid.
På tide å dra vidare
Holingen og Ariel i det vi gjer klar for avreise til KristiansandFarvel Korsvik og gamle Randøysund Båtbyggeri.
Takk for info. Har og hatt ei Randesundskøyte.
SvarSlettKom mange vart bygde på 35 og 40 fot? Kjenner du talet.
Egil Eide
Hei
SvarSlettDet veit me dessverre ikkje. Om me får talet så skal me oppdatera bloggen.
Hei! Det skal jeg finne ut av. Hilsen Solveig Kjærgaard (datter av tidligere eier). NB!! Det hette ikke Randøysund båtbyggeri, men Randesund Båtbyggeri.
SvarSlettJeg har overtatt bilitis som ble bygd der. Roger Jacobsen
SvarSlettBygde 35 fots skøyte på Randesund i 83/84, Kjærgaard fantastisk flott og hjelpsom driver av stedet da, seilte jorda rund via Panama kanalen og Kapp det gode Håp i1987-1992. Båthavn Gryling LM 238
SvarSlettmvh erling