Etter omvisningen med Tor
Det var ein flott tur med Tor som er omtalt anna stad i bloggen.Men kaldt vart det. På grunn av ein sørleg frisk bris som lagde nokre kvite bølgetoppar me masse sprut i. Her er Elvis med bånn gass for å finna lys og varme, etter at Tor har gått på land.
Holingen ligg i baugen og speidar etter varme.
Elvis prøver å stela varmen frå kjøleanlegget i butikken på Tømmerstø. Kroppsholdningen skuldast frostskader etter ca 10 grader i vatnet som spruta litt mykje over gummibåten når me kryssa havet mellom Skippergata og Herøya. Den friske brisen fra sør var strid eit lite øyeblikk, Og vatnet var kaldt.
Butikken på Tømmerstø, som berga livet til Holingen og Elvis. I Hvertfall nesten.
Takk til den hyggelege karen i kassa i butikken som let oss få låna den private doen. Der var det varmt. Og godt å sitte. Leeeeenge.
Me handla godt her, som takk for hjelpa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar