søndag 11. august 2013

Torungen fyr

Ein av turens mål

Blei nådd er ved innselinga til byen med dei "Tvende fyrtårn".
Me har lenge forsøkt å legga til ved nokre av dei vakre fyra langs kysten, men vinden har vore for sterk, eller det har ikkje vore plass ved brygga.
Denne dagen låg Lille og Store Torungen vakkert i solskinet mot himmelblått og liksom berre inviterte oss på land.

Sidan Lille Torungen

Er nedlagt, valgte me å gå i land på den Landskapsverna Store Torungen.
Store Torungen er i tillegg til å være verna etter Landskapsvernlova, også verna etter kulturminnelova. Og på toppen av alt er øya eit fuglereservat.
Så her må ein trø forsiktig.

Det er ganske enormt

Å stå ved foten av slike fyrtårn, der dei ruver høgt mot himmelen.
Fra foten

Til øverste topp

Er det heile 34,3 meter.
Ikkje rart dette fyret kallast Store Torungen Fyr!

Elvis

Blir berre småguten samanlikna med fyret, sjølv om han både står på tuftene etter det gamle teglsteinsfyret som stod her fram til 1914, då det nye fyret, støypt i jern kom på plass, og samtidig strekker armane høgt til vers.

Kva i all verden?

Ikkje alt gjekk som me hadde tenkt.
Dessverre var fyret avstengt, slik at me fekk ikkje klatra til topps og nyta utsikten.
Men det betydde at med heller tok oss ein runde rundt på øya og studerte det fantastiske fuglelivet, spora etter forsøk på hagebruk og jordbruksdyrking. Og ikkje minst, slo  av ein prat med dei fire villsauene som stelte med naturlandskapet på øya.

Og mange flotte bilder 

fekk me med oss.


Dei "Tvende fyrtårn"

Vakkert i sol mot himmelblå

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar