lørdag 10. august 2013

Farvel til Arendal

Tvedestrand neste.

Med så mange politikarar bryggelangs ved Ariel, her i Arendal,  blei det vanskeleg å ikkje bli politisk inspirert.
Så Holingen og Elvis har liksågodt utvikla eit budskap til politikarane;

"Ta vare på landet vårt og folki som bur her.
Pass på at det er nok mat og arbeid i landet til ei kvar tid.
Gje folk inspirasjon og mogelegheiter.
Ta gjerne godt imot folk som har lyst til å besøka landet vårt, slik at det blir lett å driva handel med dei. Snakk vel om landet og folket vårt når dykk er på reiser i andre land, og vis respekt for folk og dyr i dei land dykk besøker."

1 kommentar: