tirsdag 23. juli 2013

Takk for no Årdal

Årdal


Det som skjedde mellom dynene på hytta i Tyedalen får bli mellom kona og meg så Holingen.
Elvis tykte det høyrdes ut som ein god idè, og sa seg einig med kapteinen på skuta.
Eller, forsøkte Elvis seg;
Me kan vel nemne at det var blå himmel, blikk stille, sol og over 20 grader celsius i skyggen der opp i fjellheimen?
Og kanskje at med fekk tid til en liten vandringstur inn i den vakre og ville Utladalen, med dei store fossane som kastar seg ut i luftige svev frå begge sider av den stupsmale dalen innover mot Jotunheimen? Og kanskje at me fekk med oss eit og anna besøk hos mor til Elvis, ho Ester?
Ihvertfall må me vel nevna at det blei ein fantastisk grillkveld der opp i fjellet med han Magnar og ho Marit, og at moltene stod i hopetal, ferdig knytt og klare til å ta imot sol og varme for å bli både gule og søte?
Og så tenkte eg at me er nødt til å nevna den gode servicen me fekk av direktøren på Klingenberg Hotell, Eggumen, når med slo til kai på Tangen, og ikkje minst då me måtte fiksa doen som vart tett på turen innover Sognefjorden?
Eller han Åge, på Årdal Marina, eller kva det heitte, som fiksa billeg diesel og gratis vatn. Ikkje kva som helst vatn, men det vatnet som kjem frå kjelden på Årdalstangen, og som er kåra til Europas beste kildevatn?
Holingen tenkte seg om litt mens han klødde seg i skjegget.
Greit, sa han Men ikkje eit ord meir om det som skjedde på hytta.
Elvis nikka berre, og skjønte at Holingen meinte alvor.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar