Det har vore regn
Inn fjorden i Ytre Sogn.Men der borte ligg porten til Indre. Det er Kong Bele, kongen over Balestrand som sit og ser innover fjorden. Han sit akkurat her fordi Keiser Vilhelm II donerte ein flott statue av Kongen i 1913, eller deromkring. Iallefall donerte Keiser Vilhelm II same året også den meir berømte statuen "Fritjof den Frøkne". Fritjof står på neset borte tl høgre, og ser mot Balestrand der Kong Bale sit og ser innover fjorden. Mens Frijof, etter sagnet, som er kjent og berømt i heile Europa, var på friarføtter etter dotter til Kong Bele, sit sikkert Kong Bele og lurer på noko heilt anna.
Sist han såg dette lyset var like før slaget ved Fimreite, mellom Kong Sverre og Magnus Erlingsson. Dei skulle slåst om makta i Norge. Det slaget stod der borte, ved Fimreite, den 15. Juni, i det herrens år 1184 e.kr.. Fimreite er like inn til venstre på bildet.
Ventar dei på nokon der inne i fjorden? lurer nok Kong Bele på. Det er tross alt ei stund sia sist det lyste slik her inne. Og no ser det ut som det lyser sterkare enn sist. Det ser ut som det lyser heilt inn fjorden. Til både Aurland, Lærdal og Årdal, undrar Kongen.
Er det krig?
Eller er det fest på gang?
Ikkje krig denne gong, Kong Bele.
Indre Sogn ventar besøk. Dei har venta lenge no,Dei pyntar til fest.
Slik dei plar gjere når det er noko stort på gang.
Dei pyntar for Holingen og Elvis.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar