Det beste av det beste?
Turen går frå det gamle store turistsenteret, Balestrand, og innover mot det nye store turistsenteret i Indre Sogn. Aurland kommune og Flåm.Men me stoppar i Undredal på vegen.
På vegen passerar med Feios, som vaknar sakte i ein stille morgondis,
Innimellom
Dukkar slike salrygga naust opp innover fjordenOg slike
Gamle hesjar.Det er berre i Indre Sogn at ein driv med slikt no for tida. Hesjar.
Tida står litt stille her inne.
Deilig.
Og fjell.
Heile vegen er det fjellEit nytt nes med ein gard eller to, ei ny strand (les: ei stupbratt fjellside som det kanskje klyngar seg eit naust til eller eit par hus), eller ei vik med litt fleire hus.
Indre Sogn.
Få hus, mange nes, viker og strender. Og fjell. Høge fjell.
Fresvik
Høyrer lydar frå lenger ut i fjorden. Frå Feios. Og lurer på om dei skal starte dagen dei òg.Og så er det bringebær
Heile fjorden inn.Store Bringebær
Verdens beste bringebær
Som berre ventar på Sorbonnekrem, og sin vante plass i ein 5 eller 7 rettars meny på ein av gourmetrestaurantane langs fjorden.
For ikkje å snakke om fossar og bekkar
Mile etter milSmå og store
Stille og ville
Vakre
Fossefall
Og makaluse perspektiv
Holingen og Elvis.Og Ariel
I eit med fjord og fjell.
I eit med hav og land.
fjordarm på fjordarm på fjordarm
nes på nes på nes
fjell på fjell på fjell
og himmel
berre litt himmel
Og geiter
langs fjordeni dei stupbratte fjellsidene
mellom fjord og himmel
spring geitene.
alt for få
men dei et og dei spring
dei bør bli fleire
då blir fjorden enda vakrare
Tenk om
Alle fjellskråningane ned mot fjorden var så fine?Renska for kratt og ugras.
Det kan du bidra til.
Spør etter kjekjøt i butikken.Og geitost.
Så blir det meir flott kulturlandskap i Indre Sogn.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar