Ein plass mellom Kristiansand og Mandal...
... gjennom eit trangt nåløye, som det åpenbart er fleire av langs kysten, dukkar ein kanal opp. Liksom av ingenting.
Den har ikkje navn. Ihvertfall ikkje på kartet. Kanskje fordi ingen ahr brydd seg om han?
Men noko skjer her no!
For eksempel kan du ringa dette nummeret og få kjøpt deg hyttetomt.Eller du kan by på denne hytta av litt eldre utgave. Og kanskje erstatta ho med ei ny!
Det kan desse karane hjelpa deg med i tilfelle.
Dei har allerede sett opp både denne og fleire andre flotte hytter i kanalen.
Her er ein som fann ut at han vill oppgradere si gamle hytte. Hytta til venstre er utvida, oppgradert og plassen er omgjort til eit flott tun. Ny brygge med flott sandstrand er også på plass.
Og kva med denne. Den ligg ved inngangen med ein praktfull utsikt. Hytta er åpenbart spesialdesigna for å nyte utsikten nordøst i havet, der sola står opp kvar dag.
Det er plass til meir.
Og det er vakkert her i Den Hemmelege Kanalen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar