søndag 28. juli 2013

Kva, bading no igjen ?

Rett skal være rett

Alt var ikkje berre fryd og gammen der innerst i fjorden.
Det var ein del drit òg.
Bokstaveleg talt. Drit.
Dosystemet på Ariel gjekk tett på veg inn fjorden, med den følge at det blei tilbakeslag inne med påfølgande lukt og andre unevnelege problem.

Det betydde

At mannskapet måtte til pers.
Det vil sei at Elvis måtte strippe og gjera seg klar til å stake.
Stake det holet som all driten skal komme ut av båten gjennom. Når alt virkar som det skal.

Ut i vatnet bar det

Med Elvis.
Og det heimelage stakeverktøyet, som Holingen hadde produsert
Produsert med eit baufilblad, ein vinkel og noko gaffateip.

Og der blei Elvis ei stund.

Saman med verktøyet som Holingen var så stolt av, og det som kom ut. Ut av holet. Dritholet.
Det kom litt etter litt. Ei stund.
Så kom plutseleg alt!

Heldigvis

Er Elvis sprek, og var på land før det blei alt for grisete.

Aldri

Har ein kald øl smakt bedre.
Nye rutinar er allereie innført for at det ikkje skal bli behov for fleire slike trøstepils til Mannskapet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar