søndag 28. juli 2013

Frå hytteturen

Mens me var i Årdal

Passe det i grunn fint å ta nokre dagar på hytta. Spesielt fint passa det sidan det vart strålande sol og over 20 grader varmt kvar dag, mens me tok oss ein kvilepause fra båten og sjølivet

Me fekk tid til

Å nyta roen som fjellet innbyr til.
Og det fine været.
Og utsikten

Og lange frukostar

Ute på terassen om morgonen



Og lange kveldar

På terassen til sola gjekk ned sånn ca ved halv elleve tida.

Eller me kunne ta ein tur 

Ut i naturen med hundane til Holingen og Kirsten, Steinbeck og Knut.

Eller sjå etter molter

Som det blir ekstra mange av i år.

Eller som Elvis likar best

Ta med fiskestanga og sjå om det er mogeleg å lura ein fjellaure på kroken

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar