Dette er historien om ein Sognamann og ein forherda Halling som kom i snakk. I det begge sovna, etter nok ein stiv dram og ein god sigar i kjeften, visste begge at Kysten rundt – med Holingen og Elvis var i boks.
heiter det i visa til Ivar
Medås. Han syng om ein sognamann og forherda halling som kom i krangel om ein
hest. Holingen og Elvis kom aldri i krangel om ein hest. Saken var at dei begge
to hadde utfartstrang. På vegen frå Hol og Årdal traff dei på eit kvinnfolk.
Kvar si. Heldigvis. Hadde det vore same dama hadde det nok endt som i visa te
Medås’n, er eg redd for. No hadde det seg slek at dei to Askeladdane traff på
kvar si søster. Og slek gjekk det at Holingen og Elvis møttes. Mang ein kveld
har seinare gått med til sjå kven som tåler mest. Den kampen er enno ikkje
avgjort, sjølv om Elvis meiner at han ledar. Men det gjere Holingen òg. Nok om
det. Under ein slek kamp om å tåla mest, kom karane i snakk. Det endte med at desse to, som i alle år
har vore på utreise tenkte at det kunne vera på sin plass med ei heimreise.
Holingen, verdensvant med eigen Harley Davidson og seglbåt som har vore på alle
hav, blei som vanleg sittande å gruble over korleis detta skulle gå til. Elvis,
som berre så vidt hadde høyrt om folk som reiste på noko dei kalte jordomseiling,
men elles var ein kvikk kar, tenkte at det var vel litt mykje for ein heimekjær
sogning å reise jordi rundt for å koma heim. Kva om me tok ein slek ein
fjordomseiling forslo han. So er me liksom litt nærmare land. Holingen tykte
detta var saker. Og slek, over ein sigar og ein stiv dram sovna begge, i
vissheit om at Kysten rundt - med
Holingen og Elvis var bestemt. Framleis var det ikkje avgjort kven som
tålte mest.
Håper å få hilse på dere i Skudenes:-)
SvarSlett