Viser innlegg med etiketten Båt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Båt. Vis alle innlegg

søndag 23. juni 2013

Livet ombord

Det er fredag

Og Elvis tek sin del av hovudreingjeringa. Dørkvask. Og like blid.

Fiks og triks

Under stormen før Ulvøysund  kom Elvis i skade for å knekka innfestinga til GPS'en på dekk.
Elvis kunne spart seg både anger og dårleg samvittigheit. For Holingen fiksa GPS stativet på eit blunk. Med tokomponent og hodelykt. 

tirsdag 29. januar 2013

Ariel i januar

Ariel godt innpakka

Ariel frys. Eg lengtar etter varme kviskrar ho. Eg lengtar etter Sol og Somar. Den som var på jordomseiling, kanskje ein blikkstille solskinsdag i karibien? St Thomas? Jamaica? Barbados? Eia var eg der, tenkjer Ariel der ho ligg og frys på indre havn i Horten. Men snart er det somar, Snart er det sol og varme. I år skal eg på tur, tenkjer Ariel. I år skal eg på Fjordomseiling. Med sjølvaste Holingen. Og Elvis. Det skal bli noko. Noko meir. Kysten rundt fra Fjord til Fjord. Fra Hovedstadsfjorden ved Oslo til Verdensarvfjorden i Sogn. Det er vert å vente på. Til og med å fryse for. Eg gler meg.