På tide å oppsummera litt
Holingen og Elvis har hatt Bekkjarvik på lista over ønskehavner å besøke sidan planleggingen av Kysten Rundt med Holingen og Elvis starta.Endeleg er me her. På ein strålande vakker sommarkveld ankom me havna og fekk den siste ledige plassen i sjølve Bekkjarvika. Akkurat like flott her som eg drøymde om seier Holingen. Nesten som eit bilde på turen så langt, supplerer Elvis. På høgde med det beste i utlandet. Eg meiner turen har vore enno bedre en det, konkluderer Holingen. Sidan Holingen er kaptein, og i tillegg sa så kloke ord, tykte Elvis det ikkje var behov for meir snakk. Alt som skulle seiast var sagt.
Middelhavsk
Blå himmel og blikk stilt. Vestlandets perle funklar som ein diamant denne vakre dagen. Bekkjarvik på sitt beste. Om det skulle bli eit glas Rosè på denna turen, så måtte det bli her. Som ei markering på at livet er godt, og at turen har gått over all forventning.Turmiddagen
Kokken på Bekkjarvik Gjestgiveri var tidlegare i år norsk representant i Bocus D'or. Han fekk gull for sin fiskerett. Holingen og Elvis har sett fram til å besøka denne plassen ei stund.Innanfor ventar kokken på oss.
Tomasz
Er servitør. Frå Polen. Håndplukka av folki bak Gjestgiveriet i Bekkjarvik.Stolt viser han fram si anbefaling av vin til mesterverket frå kokken. Elvis som er pluss 1 meter langsynt, må lena seg tilbake for å få studert etiketten.
Sasimi alla Bekkjarvik
Heilt i verdensklasse meinte Holingen.Den beste eg har smakt, sjølv om den var utan Wasabi.
Vin
Når Elvis fekk etiketten på 2 meter kom navnet meir tydelg fram.Denne vinen passa både til Sasimi og til hovedretten..
... som var Piggvar
Heilt fersk. Fanga rett utanfor Bekkjarvika av ein lokal fiskar ikkje lenge før den blei servert.Elvis blir mållaus!
Det blei Holingen òg
Spesielt når han smakte Sasimien: Men nesten like mållaus når han fekk sjå desseren. Det berre vises ikkje så godt på bildet, for Holingen sit jo bak kameraet.Denne karen er frå Chile
Og er meir entusiastisk for Bekkjarvik, Gjestgivariet og livet på vestlandet enn nokon annan."Hvarfør skal jag flytta någon annan stans", gjentok han heile tida. "Det fins ju ingen betre plats at bo i hela Norje. I hela verden før den sakens skuld."
Ein Bekkjarvik entusiast fra Chile som pratar rein skånedialekt.
Denne karen blir ein institusjon i Bekkjarvik.
Ein draum går i oppfyllese
Dei har vel ikkje sigar og røykerom her i Bekkjarvik heller, sa Elvis til Holingen, etter å ha fortalt om det fantasiske tilbudet som dei har på Tunhovd Hotell i Telemark, like under Gaustadtoppen. Eit eige Røykerom, beskytta av riksantikvaren, der det berre er lov å røyka sigar. Og pipe.Sei ikkje det kvitterte Holingen, Sjå bak deg!
Men før sigaren
Blei me invitert inn til mesterkokkane.Mesterkokakr i arbeid
Holingen
Plukkar opp mange fine tips fra Tomasz og karen frå Chile, når dei viste stolt rundt i kjøkkenet.Er det mulig
Å ha det så bra?Denne jenta
traff me på sigarrøykerommet i Bekkjarvik.Ho var på tur med far sin. Nettopp ferdig med sivilingeniørutdannelse og lurte mykje på kor vegen vidare skulle gå.
Det hadde Holingen og Elvis eit par visdomsord om.
Når pappaen hennar skjønar at det er lurt å støtte jenta si i hennar livsvalg, kjem nok han til å smile igjen også.
Jenta kjem nok til å få det bra uansett. Lykke til.
Og før me rundar av i Bekkjarvik
Var det på sin plass å slå av ein kveldsprat med desse superhyggelege folki som var på ferietur i lag.Dei sat her når Elvis og Holingen gjekk til lunsj, og sat fortsatt etter at middagen til Holingen og Elvis var fortert.
Korleis klarar de å ha det så hyggelig så lenge, lurte Holingen og Elvis på.
Ikkje noko problem var svaret; Me berre radlar litt, lyge litt, og ellers pratar om alt og ingenting.
Livskunst i praksis.
!
SvarSlett