tirsdag 9. juli 2013

Semi-dieselen.....

Det er dags for litt åndeleg føde.

Skogsmatrosen, Holingen og Elvis dreg på Motormuseum. Båt-, bil-, treskeverk-, slåmaskin- og motorsagmotormuseum.
Museet ligg i Skånevik og er absolutt verdt eit besøk.

Det meinte også Elvis

Som fort kom i snakk med denne karen som viste seg å være ein av Norges fremste ekspertar på Semi-Diesel. Mykje anna, om vanleg diesel og glødetrådsmotorar kunne han òg.
Men Elvis hadde heilt sidan møtet med Lennart i Randøysund, vetle Sankthansafta, begynt å interessere seg spesielt for Semi-Diesel.
Kva i allverden er ein Semi-Diesel lurte Elvis på.
Dette visste denne karen alt om. Det blei ein god samtale. Lang og god. Og hyggeleg.

Ikkje minst om Sabb

Sabb Semi-Diesel. Sjølvaste Rolls-Royce blant alle Semi-Dieselar.
Heile rangen fra 3- 12 hestekrefter produserte Sabb i si tid.
Saker! Svære saker.

Kva fann han ut, Elvis'en. Om Semi-Diesel

For Elvis fekk jo svar på kva Semi-Diesel er.
Semi-Diesel er ikkje noko som kom før Diesel.
Men etterpå.
Diesel kom sjølvsagt etter Glødetrådsmotoren, men før Semi-Diesel'en.
Det hadde seg slik at Glødetrådsmotoren, som også gjekk på ein slags diesel, Solar, Solar er berre litt grovare, litt mindre destilert enn diesel, hadde eit problem. Ja det var jo nok hestekrefter i Glødetrådsmotoren sjølvsagt. Like mange som i Semi-dieselen, men det tok lang tid å få start på Glødetrådsmotoren. Den måtte glødast. Forglødast. Derav navnet. Mange meinte at dette var sjølve stasen med Glødetrådsmotoren. At det tok lang tid.
Å kunne stappe pipa, rulle seg ein karva blad, eller kanskje spikke seg eit eller anna ein hadde bruk for ombord i båten, mens ein venta. Venta på at glødetråden var varm nok.
Etterkvart meinte nok mange at det kunne væra litt lenge å venta. Særleg om ein hadde hastverk. Om ein skulle til doktaren, lensmann eller presten for eksempel.
Difor kom han der Diesel med dieselmotoren.
Dieselmotoren treng ikkje oppvarming. Unnskyld gløding. Eller forgløding.
Den startar med ein gong.
Men så er det dette med framskritt. Det blir ofte to skritt fram og eit tilbake. Dieselen vart jo litt stor, og tung. Og dyr.
Dirfor kom Semi-Dieselen. Med desse flotte egenskapane;

  • Meir gløding enn dieselen, som ikkje treng gløding i det heile, men mykje mindre gløding enn glødetrådsmotoren som ofte trengte like lang glødetid som å røyke ein karva blad eller nok slikt
  • Så var det dette med slaglengde. Den er jo mindre på Semi Dieselen. Men oops? Var det mindre enn Diesel eller mindre enn Glødetrådsmotoren? Det må eg ta opp med han eksperten neste gong me er i Skånevik. På motormuseet
  • Prisen er god. Bedre enn diesel. Litt dårlegare enn glødetrådsmotoren
  • Vekta er bra
  • Og så er det sjølvsagt namnet. Semi-Diesel! Noko så vakkert. Semi-Diesel. Det er jo nesten musikk. Berre høyr her; Semi-Diesel. Gubbevaremegvel. Flottare namn finn ein ikkje. Ikkje i England ein gong. Der har dei berre Rolls-Royce. Rolls-Royce?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar