mandag 24. juni 2013

Tor frå Randøysund

Kapteinen Tor

Det hender i eit live at ein treff på folk som berre er snille, kloke og gode. Som berre vil andre vel. Som ikkje berre gjer alt dei kan for å få folk til å trivast. Men dei ser slik ut òg. Snille, kloke og gode.
Tor er ein slik kar.
Ved sidan av å væra avmønstra kaptein etter 15 år på båtar som gjekk i oljetransport fra Nordsjøen til ulike delar av Europa, er han no glad og fornøgd stabssjef på ein plattform i Nordsjøen. Og lettmatros på ein flott Bavaria 37 Sport.

Randøysund - Stokken sør - blir det st.hans-feiring her tru ?

Stokken!
Eller frosken som Elvis ville kalt nordre del av vestre Randøy om han hadde vore kartolog. Fra ein satelitt høgt oppe ser Stokken ut akkurat som ein frosk, eller ei padde, som sit på vakt og ventar inn byttet sitt. Berre tunga som manglar i det ho farer ut av munnen og hentar sjøaspirantskulen i "kjerkesundet" tilbake som middag.
Og for ei øy.
Søndre havn, ei bukt sørvest på øya, godt skjerma av stokkholmane lenger ut i vest, er kanskje Sørlandets beste naturhavn.
I nord ligg Stokken Nord, også flott, med fantastiske solnedgangar i nordvest mot Kristiansand og Korsvik.
Her ankra Ariel opp, etter at Elvis hadde guida Holingen gjennom eit smalt sund midt mellom stokkholmane.
Ariel er heime. I Ranøysund. Og kva kunne være bedre enn å ankre opp i Stokken sør, med utsikt søraust mot Stanggapet. På veggen i Ariel heng eit flott bilde som viser mange Randøysloop'ar, åpenbart i ein seglkonkurranse. Når Ariel er vel i kai på Stokken Sør ser ho rett ut i Stanggapet. Holingen er også fornøgd. Han har fått svar på kor i all verden bildet, som han har sett på veggen i 14 år, har sin opprinnelse. Ting fell sakte på plass.
Vakkert i sundet nordre og søndre basseng i Stokken Sør.
Velkommen til oss seier andemor. og -far, i det Ariel  sig gjennom det smale sundet inn i naturhavna Stokken Sør
Holingen var ikkje heilt trygg når Elvis peikte på sundet inn til Stokken!
Men Elvis meinte at har denne klart så må vel me klara det. Det er jo folk her. Kanskje blir det fest? Sankthansfest?
Slike er det mange av i Stokken.
I denne båten skulle det vise seg å væra mange trivelege folk. Det kjem me nok tilbake til om litt.
Det er mandag 24. Juni.
Regnet har slutta. Det nærmar seg sol. Men me blir i Kritiansand til i morgon. Så får me gjort nokre småreparasjonar på Ariel, vaska gummibåten og ellers gjort noko forefallande arbeid.
I helga feira me sankt hans på Sørlandet. Snart kjem det fine historiar fra den feiringa.

søndag 23. juni 2013

Nødhavn

Kor lenge var Moses i himmelen!

Eller korleis ordtaket no var!
Omtrent samstundes med at me seglar inn i det vakre sundet mellom to av firkløverøyene, Steinsøya og Grimsøya,  og vakre Gamle Hellesund dukkar vakker beliggende og godt skjult mellom alle firkløverøyene som òg inkluderer Sandøya og Helløya, mørknar det i sørvest.
Gamle Hellesund er jo viden kjent som nødhavn fra vikingtiden og heilt fram til seilskutetiden. I ettertid burde me gjort som ekte vikingar og seilskuter skal når det bles opp til storm; Ligge i ro i Gamle Hellesund. Men akk, me skulle vidare og stolte på værvarslingen til Meteorologisk, som varsla sol og svak bris. Det skulle me ikkje ha gjort. Vel ute av det smale Hellesundet, omlag tvers av Hellesund oppdrettsanlegg kom regnet og vinden for fullt. Det samme gjorde tåke og lavt skydekke. Det var vel ikkje akkurat livet om å gjere, om vi skal være heilt ærlege, for Ariel er ei stolt skute som tåler ein trøkk. Men det var jo også snart lunsjtid, så det kunne kanskje passe med ei god pølsegryte meinte Elvis. Holingen smilte lurt og sa at det kanskje ikkje er så dumt.
Og så blei det slik at med endte opp i pølsgrytenødhavn i Ulvøysund. Heilt vest i Aust.Agder. Eller er det heilt Aust i Vest-Agder?Kanskje me skal ringa meteorologisk å spørja? Så kan dei få ein sjans til å retta opp renommeet sitt.
Regndropane skvett høgt i styrebrønnen til Ariel rett aust for Ulvøysund.
Ikkje lett å styre skuta med denne sikten!
 Ikkje mykje å sjå gjennom koøyene. Berre regndråpar og tåke.

Etter pølsegryta,

og etter at stormen har lagt seg litt og regnet har avteke tok me oss ein tur på land. På ytre Ulvøya.
Vakkert!
Ser ut som Ariel trivest ved kai i Ulvøysundet. Litt utålmodig kanskje. For rett over den værutsatte Kvåsefjorden, gjennom det smale Stanggapet, ligg Randesundet. Ariel, ein ekte Randøysloop, er snart heime. Skroget til Ariel blei støypt lengst inne i randøyfjorden ein plass. Og utrustinga av skuta før den første jordomseilinga skjedde også i det samme området. I Korsvika.
Ariel vil vidare!
Ho må berre få med seg Holingen og Elvis som gjerne vil sjå litt meir av ytre Ulvøya før dei avsluttar pølsegrytenødhavna, og set kursen for det første delmålet for turen; Randøysund og Korsvika
Finare skute har vel ikkje lege til kai her før?
Nei Elvis, no får du koma deg ombord!
Mange fine detaljar på skuta vår.

Blindleia

Vakrare

- kan det vel ikkje bli når ein er på sjøen i småbåt. Eller ei seglskute, som oss.
Blindleia!














Livet ombord

Det er fredag

Og Elvis tek sin del av hovudreingjeringa. Dørkvask. Og like blid.

Fiks og triks

Under stormen før Ulvøysund  kom Elvis i skade for å knekka innfestinga til GPS'en på dekk.
Elvis kunne spart seg både anger og dårleg samvittigheit. For Holingen fiksa GPS stativet på eit blunk. Med tokomponent og hodelykt. 

Lillesand

Finaste indrehavn me har sett?

Kanskje etter Lagunen - Indre havn - i Horten

Etter ei vakker innsegling gjennom eit passe stort nåløye åpnar Lillesand indre havn seg. Ei praktfull naturhavn.

Reker og Rosè

Under flotte forhold i Lilesand med over 20 grader varmt, vindstille og sol passe det bra med ferske reker og rosè.
Reker og Rosè passa forresten også bra som avslutning på den beste segldagen me har hatt hittil. Risør-Lillesand
Også Lillesand kan notere seg hyggelige og gjestfrie havneguider.

Amerikanaren

Arne Berntsen

Fra Amerika.

Dukka plutselig opp omlag kl 0530 på kaia i Risør, i det me stod på farten til Lillesand. Han var på leit etter spor fra sine norske aner.
Holingen og Elvis hjalp til så godt me kunne og ønskte Arne lykke til med leitingen, samtidig som me  prøvde å forklare Arne at me berre var på forbireise og kjente lite til slektsforholda i Risørtraktene. Men Arne var tydelegvis fornøgd med bistanden. Etter ei lang rekke med spørsmål, som me for det meste ikkje kunne svara på, takka Arne hjerteligst for hjelpen.
Han skulle ikkje bruke så lang tid på jobben i Risør, for han hadde tenkt seg vidare til Sverige kl 0600, for å feire midtsommar med venner og kjente der borte.
Arne hadde forresten lokalkunnskap om Risør. Eller nærmare bestemt den kvite flekken i fjellet rett over havna i Risør. Han kunne fortelja at den flekken stamma fra 2. Verdenskrig, og at lokalbefolkningen i Risør malte flekken for å varsle dei allierte om at Tyskarane hadde okkupert byen.

Risør - Lillesand

Draumedag

Risør-Lillesand under skyfri himmel med fulle seil.
Endelig fulle seil, og kapteinen er fornøgd.

Stangholmen fyr, i utseilingen fra Risør

Ytre Torungen, ved innsilingen til Arendal.
Hombursund fyr, rett før innseilingen til Lillesand, fra Nord.

torsdag 20. juni 2013

2 ganger dobbel 20

Stor jubel

i gatene utanfor Peterhead bar i Risør. Elvis har satt ny standard i Dart. To gonger på rad vann han med dobbel 20 i utgang. På første forsøk begge ganger!

Tryllekunst

Etterpå kom det ein kar som Hilberg kjente. Han kunne trylle. Her let Elvis seg imponere av ei lommebok som tek fyr dersom nokon prøver å ta ho frå eigaren!

Hilberg

Hilberg.
Eller Korneliussen som Elvis kallar han.
Hilberg, den einaste i norge med dette navnet, traff me på Peterhead bar i gjestehavne i Risør.
Hilberg er eigentleg fra Andøya, men flytta sørover med kona for å få det litt varmare i livet. Det angra han aldri på.
No er Hilberg enkemann. Men trivest og lever i beste velgåande.
Eit oppkome av gode historiar, reflekterte meiningar, og ikkje minst; glødande oppteken av lokalsamfunnet og landet me bur i.
I tillegg er Hilberg oppfinnar.
Takk skal du ha Hilberg for ein svært hyggeleg prat. Me snakkast som avtalt på returen. Gjerne over ein middag hos "tantene" på Lyngør.

Risør

Risør Havn

Risør er akkurat så pittoresk vakker som folk seier.
Ei flott havn med moderne fasilitetar og ikkje minst kort veg til fine uteplassar med trivelege folk frå byen, samt god mat og drikke.
Her er havna sett fra det gamle kystfortet på åsen over byen. Ariel ligg til venstre, heilt ytterst i gjestehavna.
Som vanleg langs norskekysten var havneguiden både hyggelig og flink. Og blid, sjølv om det kom litt regn den dagen me var i Risør.

onsdag 19. juni 2013

Tanna som sprakk

Tannlegen

På sin (nesten) daglege joggetur i dag sprang Elvis forbi eit tannlegekontor i Risør. Kjapp i hove som han er,  stakk han inn for å høyra om det var ein ledig time for å fiksa på et tann som, av unevnelege grunnar, sprakk hin dagen.
Elvis kom litt brått på Tannlegen som fyrst fille kasta Elvis ut som følge av ordensforstyrrelser. Men snart vart dei begge vener, for det viste seg at tannlegen hadde vore innom Årdal i sin ungdom. Og assistenten var sogning ho òg.
Om det var hevn for ordensforstyrrelse eller om det var som tannlegen sa; "Er du fra Årdal i Sogn så treng du vel ikkje bedøvelse", får stå usagt.
Men Tannlegen bora både vel og lenge, utan bedøvelse, før han bygde opp at tonni te Elvis.
Men Elvis blei fornøgd han. Og tannlegen med.
Det blei dyrt detta sa tannlegen. Men du får trøsta deg med at det går til ei god sak.
Ei god sak sa Elvis. Det var flott. Kva sak då, om eg kan spørje?
Meg! Sa tannlegen og smilte.
Karane skiltes. Vel forlikte- For Elvis meinte han hadde lært litt denna dagen òg.