mandag 24. juni 2013

Randøysund - Stokken sør - blir det st.hans-feiring her tru ?

Stokken!
Eller frosken som Elvis ville kalt nordre del av vestre Randøy om han hadde vore kartolog. Fra ein satelitt høgt oppe ser Stokken ut akkurat som ein frosk, eller ei padde, som sit på vakt og ventar inn byttet sitt. Berre tunga som manglar i det ho farer ut av munnen og hentar sjøaspirantskulen i "kjerkesundet" tilbake som middag.
Og for ei øy.
Søndre havn, ei bukt sørvest på øya, godt skjerma av stokkholmane lenger ut i vest, er kanskje Sørlandets beste naturhavn.
I nord ligg Stokken Nord, også flott, med fantastiske solnedgangar i nordvest mot Kristiansand og Korsvik.
Her ankra Ariel opp, etter at Elvis hadde guida Holingen gjennom eit smalt sund midt mellom stokkholmane.
Ariel er heime. I Ranøysund. Og kva kunne være bedre enn å ankre opp i Stokken sør, med utsikt søraust mot Stanggapet. På veggen i Ariel heng eit flott bilde som viser mange Randøysloop'ar, åpenbart i ein seglkonkurranse. Når Ariel er vel i kai på Stokken Sør ser ho rett ut i Stanggapet. Holingen er også fornøgd. Han har fått svar på kor i all verden bildet, som han har sett på veggen i 14 år, har sin opprinnelse. Ting fell sakte på plass.
Vakkert i sundet nordre og søndre basseng i Stokken Sør.
Velkommen til oss seier andemor. og -far, i det Ariel  sig gjennom det smale sundet inn i naturhavna Stokken Sør
Holingen var ikkje heilt trygg når Elvis peikte på sundet inn til Stokken!
Men Elvis meinte at har denne klart så må vel me klara det. Det er jo folk her. Kanskje blir det fest? Sankthansfest?
Slike er det mange av i Stokken.
I denne båten skulle det vise seg å væra mange trivelege folk. Det kjem me nok tilbake til om litt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar