Soloseglaren
Eller Svensken som me kallar han traff med fyst i Stavern.
Neste gong dukka han opp i Kragerø, med båten sin, Klondike.
Elvis prøde å by han på ein tur på byen for å utveksla skrøner om livet og havet.
Men det gjekk ikkje denne gong. For Svensken var for trøytt. Han ville berre sova sa han.
Det var ikkje lett å få gode bilder av svensken. Men det skal vel bli ei råd. Han dukkar nok opp igjen.
Kanskje samen med taustigen?
Om du som les dette har sett taustigen så gi gjerne lyd. Den blei, som nevnt anna plass i bloggen, blåst på havet under ein noraust kuling ved Napa Båke. Kanskje det er den svensken har ombord? Er det derfor han er så lite meddelsom? Hmmm.
onsdag 19. juni 2013
Kragerø
Kragerø Gjestehavn
Vakkert det skal væra visst. Me kom til Kragerø etter ein flott og solrik seilas ein sein ettermiddag. Her møtte me nok ein gong ei superhyggeleg havnevertinne. Ingen problem for store og ingen for små. Dei nye fasilitetanse i Kragerø gjestehavn, som riktignok ikkje var heilt 100 % tilgjengelege når me for forbi, kjem til å bli ein knallsuksess for alle sjøfarande som stoppar i byen.Og ikkje gløym å stikke innom Jensen og Kona (eller var det Jansen? eller Johnsen?). Der står Mette i Baren. Ta med nok peing, for den jenta kan kunsten å sjarmere sine gjester.
Holingen tykte, som det framgår av smilet på bildet, at både Mette og Havneguiden var flinke jenter.
Takk for oss, og på gjensyn.
Kreppa
Kreppa
Langs leie mellom Langesund og Kragerø går ein gjerne gjennom Langesundet. Østre del av dette sundet vert kalla Kreppa. Heile sundet og spesielt Kreppa er verdt sin tur i Diesel. Berre nyt dei fine bildene.
tirsdag 18. juni 2013
Taustigen
Taustigen
Hitt året var Holingen her, (sjå biletet til venstre) ved båken på Napa. Dit kom han med Ariel og skogsmatros Gunvald etter ein blaut kveld i Langesund. Skogsmatrosen skulle sikra lasta. Men akk. Taustegen som Holingen hadde brukt vinter og vår på å produsera. Produsert av treslått hamp, netsa med vakre sting og steg av ekte mahogny duppa i ekstremlakk for å vare evig, blåste på havet akkurat her. Ved båken på Napa, ved innseglingen til Langesund. Holingen har sidan den gong vore på leit. På leit etter taustegen. Og ein ny matros til å stole på.
Her til høgre sit den nye matrosen og studerar strømforhold rund Napa båke. Han har lovt Holingen at alt skal gjerast for å finna taustegen. Om nødvendig så skal skogsmatrosen kjølhalast!Her ein plass skulle taustegen ha henge.
Draumen om jordomseiling
Denne karen blei lang i blikket då han høyrde om Holingen og Elvis sine planar. Og bedre vart det ikkje då Holingen fortalde om sine reiser på alle verdens hav.
Langesund
Vakker kveldshimmel ve Dampskipskaia i Langesund havn. Det feirar sjølvsagt Elvis og Holingen med ekte sjampis. Og wienerpølser.
Sørlendingane
Elvis i passiar med to kara frå Kristiansand, i Stavern Gjestehavn. Dessverre gløyme me å sikra navn. Men han karen på brygga er kompis med ein av gründarane bak båtbyggeriet som designa og støypte skrog til Randøyslop. Eller Breiflabb som båte kallast til kvardags. Eller Ariel, som vår båt heiter. Verda er liten. Desse to karanen var på veg fra Drøbak til Kristiansand. I nykjøpt båt, som dei var veldig stolte av.
Havnefogden i Stavern
Havnefogden i Stavern var ikkje berre ny av året. Ho var flink og. Om alle havnefogdar gjer like flott informasjon om havna si er det berre flott å væra havnegjest i Norge.
Det var lurt. Det skal me prøva å få ein orden på, konkluderte den trivelege Havnefogden når Holingen og Elvis presenterte ein god idè om korleis det kunne bli enda litt bedre i den fine gjestehavna i Stavern.

Egg & Bacon
Ingenting anna enn Egg & Bacon kunne duga når fyrste frukosten skulle etast. Stavern havn var bra. Med god frukost vart det enda bedre, mente Elvis.
Kokken sjølv. Med tårer i blikket.
Kokken sjølv. Med tårer i blikket.
Gutta på tur
Det er stil over skuta når Elvis set ut i livet det han har lært av Holingen om Ship Shape, Bristol Fashion.
Og ikkje minst når Holingen dukar til kveldshygge ombord. Med fruktfat, stearinlys og vakkerrt danderte puter i Sofa'en.
Og ikkje minst når Holingen dukar til kveldshygge ombord. Med fruktfat, stearinlys og vakkerrt danderte puter i Sofa'en.
Corned beef - makalaust
Endeleg er den første Corned Beef'en i gryta!
Holingen har drøymt om denne dagen sidan planleggingen av turen starta i fjor. Ikkje noko er tilfelding når det røres i surra lauk, frisk chili, godt med sukker og pepar. Og mosa Corned Beef!
Han skjelver litt på hendene Holingen, når han set kniv og gaffel i nylaga Corned Beef med pote av beste sort. Ingen kokar pote som Holingen. Verdensklasse!
Og Elvis er fra seg av begeistring. Corned Beef skal væra festmaten heretter.

søndag 16. juni 2013
Ankerdram med bøkling
Etter stormen som overraska oss på tvers av Svenner smakte det ekstra godt med kald pils, god dram og ekte Bøkling.
Etter at mat og drikke var på plass i magen, kom sjølvsagt god cava på bordet. Og Elvis er fornøgd.
Etter at mat og drikke var på plass i magen, kom sjølvsagt god cava på bordet. Og Elvis er fornøgd.
Plutselig forsvant Svenner fyr i dimman
Nydelig kveldsseilas!
Det er snar klart for solnedgang etter 8 timer i båten. Himmelen er eit fyrverkei når marmorerte skyer fargar himmelen i alle regnbogens fargar. Det er svak vind, flott temperatur. Holingen og Elvis berre kosar seg på dekkSvenner fyr i det fjerne.
Mens Elvis tok eit par minuttar i salongen for å blogge om det fine været og den flotte himmelen ser Holingen noko mørkt bak Svenner Fyr.Før Elvis rekke å skru på PC'en...
... ser det slik ut. Berre 2 minutt seinare...... Det skulle bli ein meir brutal avslutning på fyrste dag enn både Holingen og Elvis hadde tenkt seg.
Breiflabben er klar
Breiflabben er klar.
Aldri har Ariel sett vakrare ut. Ship shap and Bristol Fashion. Denne turen skal bli fin.
Bo har veldig lyst til å bli med Bestefar på tur. På neste tur er Bo klar som Lettmatros.
Aldri har Ariel sett vakrare ut. Ship shap and Bristol Fashion. Denne turen skal bli fin.
Holingen er klar
Berre minuttar igjen før Skipperen bekrefter "Klart skip" og beordrer avreise.
lørdag 15. juni 2013
Ein strålande morgon
4 timer igjen........
Meterologane kappast om å melda regn til vår avtalte avreisedato 15. Juni 2013.
Kong Neptun ville det annleis!
Når soli rann i aust om morgonen den 15. Juni 2013, var det på den blåaste himmel. Kong Neptun meinte tydeleg at kun det beste var god nok for Holingen og Elvis.
Knallblå himmel, krydra med brudeslør i horisonten, sol og fin bris var status då Ariel la fra kai. Presis kl 1200, som planlagt.
På kaien stod koner og barn og vinka. Kanskje tenkte nokon på kaien at dei hadde vore vel snille som lot karane få nyte livet i 9 veker!
Holingen og Elvis hadde ingen slike tankar. Berre eit lurt smil om munnen.
Etter en frisk sørlig bris fram mot Vallø, og ein toppfart på omkring 2 knop, roa vinden seg.
Fram mot Årøysundet og Vrengensundet økte farten raskt til 4,5 knop.
Berre avbrutt av ein rask unnamanøver før ei grunne nord for Nordre Årøy gjekk turen som ein draum.
Heilt fram til Stavern.
Om lag ved 2300 avslutta Holingen og Elvis ein draumestart med Bøkling, kald øl og dram.

Abonner på:
Innlegg (Atom)