4 timer igjen........
Meterologane kappast om å melda regn til vår avtalte avreisedato 15. Juni 2013.
Kong Neptun ville det annleis!
Når soli rann i aust om morgonen den 15. Juni 2013, var det på den blåaste himmel. Kong Neptun meinte tydeleg at kun det beste var god nok for Holingen og Elvis.
Knallblå himmel, krydra med brudeslør i horisonten, sol og fin bris var status då Ariel la fra kai. Presis kl 1200, som planlagt.
På kaien stod koner og barn og vinka. Kanskje tenkte nokon på kaien at dei hadde vore vel snille som lot karane få nyte livet i 9 veker!
Holingen og Elvis hadde ingen slike tankar. Berre eit lurt smil om munnen.
Etter en frisk sørlig bris fram mot Vallø, og ein toppfart på omkring 2 knop, roa vinden seg.
Fram mot Årøysundet og Vrengensundet økte farten raskt til 4,5 knop.
Berre avbrutt av ein rask unnamanøver før ei grunne nord for Nordre Årøy gjekk turen som ein draum.
Heilt fram til Stavern.
Om lag ved 2300 avslutta Holingen og Elvis ein draumestart med Bøkling, kald øl og dram.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar