tirsdag 18. juni 2013

Langesund

Langesund fortener ei gjestehavn med enda større kapasitet enn de få titalls båtane som kan legga til her. Denne koselege byen med det vakre og idylliske torget er ei perle langs kysten. Victoriagaarden, mindre kjent enn Wrightegaarden, men enda meir sjarmerande, og alle dei andre kafear , kroer og pubar dannar, saman med butikkar av alle slag i dei smale smuga av nokre gater, ei perfekt ramme for ein deilig sommardag. Eller kveld. Eller natt.

 Vakker kveldshimmel ve Dampskipskaia i Langesund havn. Det feirar sjølvsagt Elvis og Holingen med ekte sjampis. Og wienerpølser.

Sørlendingane

Elvis i passiar med to kara frå Kristiansand, i Stavern Gjestehavn. Dessverre gløyme me å sikra navn. Men han karen på brygga er kompis med ein av gründarane bak båtbyggeriet som designa og støypte skrog til Randøyslop. Eller Breiflabb som båte kallast til kvardags. Eller Ariel, som vår båt heiter. Verda er liten. Desse to karanen var på veg fra Drøbak til Kristiansand. I nykjøpt båt, som dei var veldig stolte av.

Havnefogden i Stavern

Havnefogden i Stavern var ikkje berre ny av året. Ho var flink og. Om alle havnefogdar gjer like flott informasjon om havna si er det berre flott å væra havnegjest i Norge.
Det var lurt. Det skal me prøva å få ein orden på, konkluderte den trivelege Havnefogden når Holingen og Elvis presenterte ein god idè om korleis det kunne bli enda litt bedre i den fine gjestehavna i Stavern.


Egg & Bacon

Ingenting anna enn Egg & Bacon kunne duga når fyrste frukosten skulle etast. Stavern havn var bra. Med god frukost vart det enda bedre, mente Elvis.
Kokken sjølv. Med tårer i blikket.

Gutta på tur

Det er stil over skuta når Elvis set ut i livet det han har lært av Holingen om Ship Shape, Bristol Fashion.
Og ikkje minst når Holingen dukar til kveldshygge ombord. Med fruktfat, stearinlys og vakkerrt danderte puter i Sofa'en.

Corned beef - makalaust

Endeleg er den første Corned Beef'en i gryta!
Holingen har drøymt om denne dagen sidan planleggingen av turen starta i fjor. Ikkje noko er tilfelding når det røres i surra lauk, frisk chili, godt med sukker og pepar. Og mosa Corned Beef!
 Han skjelver litt på hendene Holingen, når han set kniv og gaffel i nylaga Corned Beef med pote av beste sort. Ingen kokar pote som Holingen. Verdensklasse!
Og Elvis er fra seg av begeistring. Corned Beef skal væra festmaten heretter.

søndag 16. juni 2013

Ankerdram med bøkling

Etter stormen som overraska oss på tvers av Svenner smakte det ekstra godt med kald pils, god dram og ekte Bøkling.
Etter at mat og drikke var på plass i magen, kom sjølvsagt god cava på bordet. Og Elvis er fornøgd.

Plutselig forsvant Svenner fyr i dimman

Nydelig kveldsseilas!

Det er snar klart for solnedgang etter 8 timer i båten. Himmelen er eit fyrverkei når marmorerte skyer fargar himmelen i alle regnbogens fargar. Det er svak vind, flott temperatur. Holingen og Elvis berre kosar seg på dekk

Svenner fyr i det fjerne. 

Mens Elvis tok eit par minuttar i salongen for å blogge om det fine været og den flotte himmelen ser Holingen noko mørkt bak Svenner Fyr.
Før Elvis rekke å skru på PC'en...



                 
  ... ser det slik ut. Berre 2 minutt seinare...... Det skulle bli ein meir brutal avslutning på fyrste dag enn både Holingen og Elvis hadde tenkt seg.

Holingen og Elvis er i gang

Hei
Hei

Horten - på gjensyn

Hei


Breiflabben er klar

Breiflabben er klar.
Aldri har Ariel sett vakrare ut. Ship shap and  Bristol Fashion. Denne turen skal bli fin.
Bo har veldig lyst til å bli med Bestefar på tur. På neste tur er Bo klar som Lettmatros.

Elvis reiser lett. Han har høyrt at det kan væra trangt ombord på seglbåtar. 

Holingen er klar
Berre minuttar igjen før Skipperen bekrefter "Klart skip" og beordrer avreise.



lørdag 15. juni 2013

Ein strålande morgon

4 timer igjen........
Meterologane kappast om å melda regn til vår avtalte avreisedato 15. Juni 2013.
Kong Neptun ville det annleis!
Når soli rann i aust om morgonen den 15. Juni 2013, var det på den blåaste himmel. Kong Neptun meinte tydeleg at kun det beste var god nok for Holingen og Elvis.
Knallblå himmel, krydra med brudeslør i horisonten, sol og fin bris var status då Ariel la fra kai. Presis kl 1200, som planlagt.
På kaien stod koner og barn og vinka. Kanskje tenkte nokon på kaien at dei hadde vore vel snille som lot karane få nyte livet i 9 veker!
Holingen og Elvis hadde ingen slike tankar. Berre eit lurt smil om munnen.
Etter en frisk sørlig bris fram mot Vallø, og ein toppfart på omkring 2 knop, roa vinden seg.
Fram mot Årøysundet og Vrengensundet økte farten raskt til 4,5 knop.
Berre avbrutt av ein rask unnamanøver før ei grunne nord for Nordre Årøy gjekk turen som ein draum.
Heilt fram til Stavern.
Om lag ved 2300 avslutta Holingen og Elvis ein draumestart med Bøkling, kald øl og dram.

søndag 5. mai 2013

Testing av seil på Breiangen

Det er 7. mai 2013. Det er 4. dagen me er på sjøen med Ariel. 4. dagen med høg himmel. Sol og perfekte forhold for det me driv på med; Forbereder "Kysten Rundt med Holingen og Elvis". 4 dagar med perfekte forhold. Det må bety noko. Noko Godt. I dag har Holingen lært Elvis å segla. På ekte. Motvids, Medvinds. Med storsegl, med fokk og med klyver. Holingen kan sine ting, og lærer bort villig vekk. Elvis står som ei tent lanterne bak roret, og tek imot all kunnskap ha får. Ariel fungerer perfekt. Holingen òg.



tirsdag 19. mars 2013

Horten indre havn

Lagunen og kjeppen.


På ei nordvendt halvøy midt i Oslofjorden ligg Gamle Horten Gård. Sjølvaste Horten Gård. Vakkert plassert på ein høgde på halvøya, med Oslofjorden, vakker og imponerande mot Øst, og sjølvaste Lagunen mot vest. Lagunen, i dag kjent som Horten Indre Havn, ligg der, nærast sirkelrund, og kitlar Horten Gård i gjerdestolpane. Sirkelrund, stor og vakker. Avgrensa av fastlandet mot sør og vest, Horten Gård og halvøya mot Øst og dei vakre Øyane Østøya, Mellomøya og Løvøya i Nord, er Lagunen skapt for liv og røre. Skapt for å være vugge og senter for ein oase av hus og folk. Ein oase av bryggekantar og strender. Bryggekantar, og gater, fulle av butikkar, kafèar, restaurantar og folk. Innbyggarar, innflyttarar og folk som berre er på besøk. Turistar. Badestrender fulle av barn, vokse og gamle som badar og solar seg. Og et is og drikk brus. Eller god vin. Kanskje Rosèvin. Eller sjamanje og Cava? Sjølvaste Lagunen skulle vore full av eit yrande båt og badeliv. Folk skulle være glade og det skulle være sol. Alltid sol.
Slik skulle det ha vore i Lagunen. Slik skulle det ha vore i den finaste byen i den finaste indre hamn i heile Norge. Kanskje den finaste i heile verda.
Om ikkje ein mann hadde gløymt att kjeppen sin på Horten Gård. Tenk det. Ein unseleg kjepp kom til til å gjera Halvøya, Østøya og Mellomøya folketomme og utilgjengelege for folk. Kom til å sørge for at det aldri blei brygger, gater, kafèar og strender der folk kunne kose seg og nyta livet. Ein skarve kjepp gjorde at båt og badeliv i Lagunen berre blei ein dråpe av det det skulle ha vore.
Ein kjepp!


 

















Bilder fra Horten indre havn


Den Norske Løve

Tenk deg å legge til her. Gå på land, og vandre opp dei fine grasbakkane. Gjennom borgmuren og inn på den aller finaste restauranten du veit om. Den Norske Løve. Tenk det du!