torsdag 25. juli 2013

Møte i Finnefjorden


Med Sven, Laila, Ragnar og Erling


Etter ein kort stopp i Balestrand, på veg frå Årdal, gjekk ferden vidare ut fjorden på ekte seglarars vis. Med blå himmel, steikande sol og vindstille betydde det at med måtte dra i gang dei 36 hestekreftene til Buck'en igjen.
Uten fast mål gjekk turen fyrst innom Kvamsøy, verdens minste øy med eiga kyrke, og gøymeplassen til Kong Sverre i 1184, då han låg i bakhold og venta på Magnus som ville ta krona og kongeriket frå han i eit bakholdsangrep med støtte frå Danskane, men som Sverre gjorde kort prosess med og tok Magnus og heile hirden hans i eit kontrabakholdsangrep i standen. Vidare gjekk ferda til Finnefjorden.
Me hadde tenkt å treffe han Lars. Lars Finden. Og høyre skrøner frå hans tid som geitebonde, hjortejeger, skysskar, vertskap  og turistsjef i Finnefjorden, for deretter å reisa vidare ut Sognefjorden.
Slik gjekk det ikkje. For på turen inn Finnefjorden, ved innløpet til Finnestraumen, ligg sommarresidensen til han Sven og kona hans Laila samt dei do gutrane deira Ragnar og Erling. Etter ein runde inne i fantastiske Finnebotn blei det til at Holingen og Elvis ankra opp for ein kopp kaffi og ein prat med Sven og familien hans.
Sidan verken Sven eller Laila drikk kaffi blei det ikkje noko kaffi å få. Men det var like greitt for dei kom med øl i staden for.
Det gjekk ikkje betre enn at Holingen og Elvis blei natta over på bryggekanten til Sven og Laila. Ein dukkert i det perfekt tempererte vatnet utanfor brygga, meir øl, ein (par)ankerdram og eit (par)glas vin, saman med spekemat av beste merke var med på å gjera denne komplet vindstille, himmelblåe solskinnsonsdagen i Finnefjorden til ein av dei aller finaste opplevingane til Holingen og Elvis på heile turen Kysten Rundt.
Flotte bilder frå turen til Finne fjorden kjem snart på bloggen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar