mandag 29. juli 2013

Finnebotn

Etter Balestrand

Gjekk turen til Finnefjorden. Verdens einaste bebudde fjordarm utan vegsamband. Og sansynlegvis den einaste fjordarmen som er bebudd av folk som ikkje vil ha veg.
Dei vil ha fjorden som den er. Ekte og naturleg.
Denne fjordarmen er vel Sognefjorden på sitt aller beste.
Uberørt, smal, djup, med høge stupbratte fjellsider. Og full av ville dyr, fuglar og fisk.

Midt i fjorden

Må Kaptein, og styrmann for dagen, konsentrere seg ekstra.
Vi skal nemleg igjennom den smale, sterke  og grunne...

...Finnestraumen

Ved floding og fjæring står straumen her inne sterk som i ei lakseelv.
Og fjæra gjorde fjorden til gangs då vi kom inn.
Det hadde vore fullmåne natta før.

Vel forbi

Finnestraumen, er vi på veg heilt innerst i Finnefjorden.
Der fjella står som søyler.
Nærast som vannfontener, med små og store bekkar som renn nedetter dei stupbratte fjellsidene på fjordbleike.

Det er berre vakkert

Og vilt

Og innerst ligg

Finnebotn.

Fråflytta på 60-talet etter at industrialiseringa kom til Sogn og det blei meir å tena som industriarbeidar enn som saue- og geitebonde.
Bygd opp at av ildsjæler for berre få år sidan.

Men fråflytta igjen

Så synd at dei nye og flotte husa står uten tette tak.
Dei forfell. Sakte men sikkert. Om ikkje nokon vil ha dei. Om ikkje nokon tek vare på dei.
Hus treng folk.
Og folk treng hus.
Kva med Finnebotn?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar