søndag 14. juli 2013

Feste - Gjestehavn

Unik

I vår tid er det ikkje vanleg å finne plassar som Feste Gjestehavn. Ikkje slik at andre havner ikkje har flott, imøtekommande og hyggeleg vertskap, eller at ikkje andre havner har ein god gammaldags krambod, med alt, eller at ikkje andre havner har frisør, blomster og godisforretning.
Det er berre det at ingen andre har Feste Nærkjøp, der Hans Jacop tek imot, smiler frå øyre til øyre når han høyrer du vil vil ligga natta over, hentar kabel til straum, og viser deg doen og ikkje minst den unike Diesel og Dusj bua med betalingsautomat som ikkje virkar, slik at du dusjar gratis, men betalar likevel fordi Hans Jacop er så blid, og fiksar og ordner alt du ber han om. Heile tida. Og det er berre Feste som har blomster og frisørbutikk med godis og verdens beste matoljer. Ein super kombinasjon som ingen andre har tenkt på. Og det er ingen andre som har dei flotte smale vegane som det ikkje køyrer bilar på, men som slynger seg mellom blomsterenger og utmatksenger der geiter og sauer og hestar går og beiter og ikkje bekymrar seg for noko. Berre et frisk, sunn og god lyng og gras og busker. Der markblomst og hundekjeks veks side om side i grøftekanten, og berre ventar på å bli plukka av nokon som kjem forbi og vil gje dei til nokon dei er glad i.

Feste Blomster, Frisør og Godis.



Feste Blomster...



... og Frisør

... og godis

som Elvis liker veldig godt

Mor og Datter

Ordner blomster, ting og tang, sveisen og lørdagsgodisen.

1 kommentar: