Det startar med innseglinga.
I det du rundar Kvarven og set baugspydet
mot Vågen åpenbarer Sandviken seg med sine gamle sjøboder og staselige
herskapshus. Like til høgre oppdager du Skuteviken, der alle skuter låg til kai
i seilskutetida. Vidare mot vest ser du dei flotte Bergenshusene som klynger
seg til fjellsidene mot Fløien. Krydra med skog. Den grønaste, og tettaste,
skogen du kan tenke deg, skjuler mykje av husa i fjellsida. Du meir anar enn
ser mange av husa. Umiddelbart lurer du på korleis har husa fått plass?
Og korleis kjem dei fram til husa sine? Er det plass til veg i det bratte
fjellet? Mens du tenker dette oppdagar du Cruisebåtane som ligg ved innseglinga
til Vågen. Da fell det grøne
og skogkledde Nordnes plutselig rett i åsynet på deg. Og du lurer på
kor er innseglinga til Vågen eigentleg? Er det mogleg å kome seg inn. Inn til Bryggen,
Fisketorget og Sognekaien. Ja for det heiter Sognekaien på den sida av Vågen der
hurtigbåtane kan ta deg avgårde. Ut av byen. Til Sogn. Heim att.
Plutselig er du forbi Norneset og
på veg inn i Vågen, forbi cruisebåtar og andre båtar som ligg og sperrar for
utsikten. Eller innsikten. Sikten inn i vågen. Du oppdagar Håkonshallen,
drøymer om «festplassen bak Håkonshallen» der Rolling Stones spelar sin beste
konsertar. Sting òg. Du ser gamle Bryggen og forstår at denne byen har tradisjonar.
Lange tradisjonar. Sognekaien nærmar seg på Strandkaisida og du lengtar heim.
Heilt heim. Du kan kjenne eimen av fisktorget og ei anna lukt som du ikkje først
kjenner igjen. Du anar at det er ein opning opp frå zacken, eller til venstre
for zacken. Zacken som berre ligg rett framføre og ventar på at du skal koma og
nyta ein iskald Hansa.
Da tenker du på at i morgon. I morgon, etter at du har sett i gang
ei maskin med klesvask på serviceanlegget for båtgjester, skal du bruke den
opningen og ta ein joggetur opp dei smale smuga. Opp Veitelidalmenningen,
verdens vakraste veg, som snirklar seg som ein makk, nei ein orm eller ein
slange i sving etter sving, forbi erkebergenske trehus som heng som limt til
fjellsida med slangen som pressar seg mellom. Heilt opp til
Skansen, det gamle branntårnet og brannstasjonen i Bergen som no står som ein bauta
i fjellsida og roper «Eg e finast i heile Bergen». Vidare tenker du. Skal eg
springa dei smale vegane, Skansevegen, Fjellvegen og Fløiveien til Fløien.
Eller nei, kanskje du heller vil prøve Fløisvingene, den elegante turvegen som
svingar seg vidare oppover Fløiberget, liksom ein storebror til
Veitelidalmenningen. Ikkje tjukkare og breiare. Berre lengre. Heilt frå Skansen
og opp til Fløien.
Fløien cafe tenker du, eg skal snu
her. Nei forresten, der går turvegen vidare, og det står skilt der med namn som
viser vegen. Til Fløysletta, Fløyviddene, til Blåmann, Storemann og til Ulriken.
Eg spring litt til tenker du. Ikkje
langt for du må ned å legga vasken i tørketrommelen snart. Berre litt til. Du
spring litt til. Passerer Fløisletta, Fløyviddene, Bruskiosken og Blåmann. Det
byrjar å bli høgt over vågen no, og Ulriken lyser i det fjerne. Kanskje? Så
hugsar du; Klesvasken! Eg må ned att!
Like pigg som oppover er du, fordi
naturen og utsikten er så flott at den tek all fokus vekk frå at du er sliten.
Nedover går det gjennom skog og
hei, via bruskiosken, heiene, sletta, forbi cafeen vidare nedover langs
fløysvingane, forbi skansen, inn i verdas vakraste veg igjen,
Veitlidalmenningen, forbi Skansen Pensjonat, der det virkar som Bergens søtaste
og hyggeligaste jenter alltid er på jobb når du stikk hovudet inn inngangsdøra
og oppdagar at du ser rett inn i både kjøken og stove på pensjonatet. Vidare
nedover, til Fløibanens siste stasjon nærmar seg, og du oppdagar lyden av
Bryggen.
Lukta frå fisketorget. Og
stemningen. Alle folka, turistar, innfødde og sogningar som lagar stemning. Og
du hugsar plutselig kva lukt det var som kom frå Sognekaien. Lukta av Sogn.
Lukta av heime.
Bergen!
Plassen mellom heime og resten av
verden.
Verdens underverk. Verdens einaste
underverk. Bergen By.
Skitt. Vaskemaskina!
Kjekt å lese. underhaldande blogg og De skriv godt.
SvarSlettGod tur vidare.
Sykt bra!!
SvarSlett