søndag 23. juni 2013

Nødhavn

Kor lenge var Moses i himmelen!

Eller korleis ordtaket no var!
Omtrent samstundes med at me seglar inn i det vakre sundet mellom to av firkløverøyene, Steinsøya og Grimsøya,  og vakre Gamle Hellesund dukkar vakker beliggende og godt skjult mellom alle firkløverøyene som òg inkluderer Sandøya og Helløya, mørknar det i sørvest.
Gamle Hellesund er jo viden kjent som nødhavn fra vikingtiden og heilt fram til seilskutetiden. I ettertid burde me gjort som ekte vikingar og seilskuter skal når det bles opp til storm; Ligge i ro i Gamle Hellesund. Men akk, me skulle vidare og stolte på værvarslingen til Meteorologisk, som varsla sol og svak bris. Det skulle me ikkje ha gjort. Vel ute av det smale Hellesundet, omlag tvers av Hellesund oppdrettsanlegg kom regnet og vinden for fullt. Det samme gjorde tåke og lavt skydekke. Det var vel ikkje akkurat livet om å gjere, om vi skal være heilt ærlege, for Ariel er ei stolt skute som tåler ein trøkk. Men det var jo også snart lunsjtid, så det kunne kanskje passe med ei god pølsegryte meinte Elvis. Holingen smilte lurt og sa at det kanskje ikkje er så dumt.
Og så blei det slik at med endte opp i pølsgrytenødhavn i Ulvøysund. Heilt vest i Aust.Agder. Eller er det heilt Aust i Vest-Agder?Kanskje me skal ringa meteorologisk å spørja? Så kan dei få ein sjans til å retta opp renommeet sitt.
Regndropane skvett høgt i styrebrønnen til Ariel rett aust for Ulvøysund.
Ikkje lett å styre skuta med denne sikten!
 Ikkje mykje å sjå gjennom koøyene. Berre regndråpar og tåke.

Etter pølsegryta,

og etter at stormen har lagt seg litt og regnet har avteke tok me oss ein tur på land. På ytre Ulvøya.
Vakkert!
Ser ut som Ariel trivest ved kai i Ulvøysundet. Litt utålmodig kanskje. For rett over den værutsatte Kvåsefjorden, gjennom det smale Stanggapet, ligg Randesundet. Ariel, ein ekte Randøysloop, er snart heime. Skroget til Ariel blei støypt lengst inne i randøyfjorden ein plass. Og utrustinga av skuta før den første jordomseilinga skjedde også i det samme området. I Korsvika.
Ariel vil vidare!
Ho må berre få med seg Holingen og Elvis som gjerne vil sjå litt meir av ytre Ulvøya før dei avsluttar pølsegrytenødhavna, og set kursen for det første delmålet for turen; Randøysund og Korsvika
Finare skute har vel ikkje lege til kai her før?
Nei Elvis, no får du koma deg ombord!
Mange fine detaljar på skuta vår.

1 kommentar:

  1. Kor lenge var Moses i himmelen???? Antagelig like lenge som Abreham var i Paris :)

    SvarSlett