søndag 11. august 2013

Torungen fyr

Ein av turens mål

Blei nådd er ved innselinga til byen med dei "Tvende fyrtårn".
Me har lenge forsøkt å legga til ved nokre av dei vakre fyra langs kysten, men vinden har vore for sterk, eller det har ikkje vore plass ved brygga.
Denne dagen låg Lille og Store Torungen vakkert i solskinet mot himmelblått og liksom berre inviterte oss på land.

Sidan Lille Torungen

Er nedlagt, valgte me å gå i land på den Landskapsverna Store Torungen.
Store Torungen er i tillegg til å være verna etter Landskapsvernlova, også verna etter kulturminnelova. Og på toppen av alt er øya eit fuglereservat.
Så her må ein trø forsiktig.

Det er ganske enormt

Å stå ved foten av slike fyrtårn, der dei ruver høgt mot himmelen.
Fra foten

Til øverste topp

Er det heile 34,3 meter.
Ikkje rart dette fyret kallast Store Torungen Fyr!

Elvis

Blir berre småguten samanlikna med fyret, sjølv om han både står på tuftene etter det gamle teglsteinsfyret som stod her fram til 1914, då det nye fyret, støypt i jern kom på plass, og samtidig strekker armane høgt til vers.

Kva i all verden?

Ikkje alt gjekk som me hadde tenkt.
Dessverre var fyret avstengt, slik at me fekk ikkje klatra til topps og nyta utsikten.
Men det betydde at med heller tok oss ein runde rundt på øya og studerte det fantastiske fuglelivet, spora etter forsøk på hagebruk og jordbruksdyrking. Og ikkje minst, slo  av ein prat med dei fire villsauene som stelte med naturlandskapet på øya.

Og mange flotte bilder 

fekk me med oss.


Dei "Tvende fyrtårn"

Vakkert i sol mot himmelblå

Fevik


Vi var så vidt innom

Men fekk ikkje kaiplass.
Eit par fine bilder fra området blei det likevel.

Ei svevande øy.

Ein såkalt ISØ.
Identifisert Svevande Øy.

Enno ein ISØ.

Åpenbart så er det spesielt gunstige forhold for ISØ i Fevikfjorden.

Og ikkje minst

Gunstge forhold for måkar.
Denne karen trives iallefall godt ser det ut til.

lørdag 10. august 2013

Farvel til Arendal

Tvedestrand neste.

Med så mange politikarar bryggelangs ved Ariel, her i Arendal,  blei det vanskeleg å ikkje bli politisk inspirert.
Så Holingen og Elvis har liksågodt utvikla eit budskap til politikarane;

"Ta vare på landet vårt og folki som bur her.
Pass på at det er nok mat og arbeid i landet til ei kvar tid.
Gje folk inspirasjon og mogelegheiter.
Ta gjerne godt imot folk som har lyst til å besøka landet vårt, slik at det blir lett å driva handel med dei. Snakk vel om landet og folket vårt når dykk er på reiser i andre land, og vis respekt for folk og dyr i dei land dykk besøker."

fredag 9. august 2013

Grimstad


Nok ein vakker somarby

havnar på lista til Holingen og Elvis.
Grimstad overraska med sine små og intime torg, sine smale og trivelege gater, med mange fine butikkar, kafèar og restaurantar.
Veldig bra var det.

Frå eit av torga

Gågata

Den gamle Platebaren

I gågata, hadde fått ny glans. Som kafe.
For ca eit år sidan var platebaren lagt ned, og gjenåpna som Grimstads mest spesielle kafè.

Heimelaga Sandwich på platebaren må berre prøvast.


Og Soft-is etterpå

Og kven dukkar opp

I gågata i Grimstad, rett utanfor Platebaren?
Kaptein Tor sjølvsagt, vår gamle venn fra Randøysund.
Det blei eit hyggeleg gjensyn.

Tor var på ferie med familien

Og då blei det sjølvsagt ein triveleg prat i styrebrønnen litt seinare på kvelden med både Tor og Monica.

Breiflabben

Denne fine vetlebroren

Til Ariel dukka opp ved kaien i Homborsund.

Då måtte me bortom

Og helsa på.

To stolte Randøysund sloopar

Eller Breiflabbar, som dei kallas på folkemunne.
Ariel litt større enn vetlebror sin, sidan Ariel er forlenga bak med nokre fot.
Det er også difor Ariel er litt "slankare" over rompa.

Homborsund

Berre ein svipptur

Fordi me lurte på kva som skjulte seg bak det fine navnet; Homborsund!

Og fint var det

I Hobursund òg.

Lillesand

Og Sommeråpent

Veldig mykje folk i Lillesand den kvelden me returnerte til ein av våre favorittbyar lang kysten, fordi Sommeråpent båten var i byen og lagde TV program.

Men været var fint

Og me fekk den same fine plassen på gjestebrygga som sist.
Absolutt ingen ting å klaga på.
Berre lekkert.

Ship Shape & Bristol Fashion

Då er skuta skrubba og vaska

Til og med septikken er spyla.
Me er klare til å ta i mot notabiliteter til bufèen på brygga.

Regjerningskonferanse

Som regel 

Har me fått den beste bryggeplassen når me har lagt til kai.
Her i Arendal blei me liggande litt langt unna sentrum.
Til gjengjeld får me besøk i kveld.
Regjering, stortingspolitikarar og andre notabilitetar kjem forbi for ein ørliten ståande bufèt.
Det får væra greit.

Arendal neste

Farvel Grimstad

Havna og Byen var ypperleg.
Og besøket i byen toppa seg når me fekk overraskande besøk ombord.
Det kjem me sikkert tilbake til.
Hei så lenge.

Finvær på fjorden

Det var ikkje berre

Holingen og Elvis som var på fjorden mellom Høllen og Lillesand, denne vakre dagen tidleg i August det herrens år 2013.
Her er eit lite utvalg av andre livsnytarar som me møtte på vår veg.











Forlovelse i Blindleia

Bryllaup i Hardanger

Er eit kjent motiv for dei fleste av oss.
Her,
I Blindleia, ein vakker solskinnsdag i August, det herrens år 2013, er me vitne til "Forlovelse i Blindleia".

Sjølvsagt

Er det dama som ror.
Guten tek livet med ro, og nyt den fine dagen og den vakre gentledama han har ved årene.

Høllen - Korsvik - Lillesand

Havblikk

Blå himmel og sol.
Det var utgangspunktet etter ein rask frukost i Høllen.
Me ville raskt på fjorden og nyta denne dagen som me hadde lengta litt etter.
Via Kristiansand/Korsvik/Randøysund, vidare gjennom Ulvøysundet og inn i Blindleia via Gamle Hellesund og bortetter, heilt til Lillesand.
Og så fekk med DENNE dagen.

Han ser skummel ut, båten

Men han svinga elegant til side for Ariel, og liksom ønska oss god tur vidare, denne fine somardagen.

Eit siste besøk på fødestaden til Ariel

Nedlagte Randøysund Båtbyggeri, som gjenoppstod som Randøysund Allsidige Service.

Holingen

traff ekspertar på gamle, og nye båtar i Korsvika.
Det blir som regel triveleg når likesinna får veksla nokre ord om det aller viktigaste på jord.
Eg meiner på havet.

På veg til Randøysund

Passerer me gamle kjente som bur innerst i vika der.

I Blindleia

Ein plass treff me nokre nye kjente òg.

Og i Ulvøysund 

Passerer me vår fyrste nødhavn. Captains Quarter redda oss frå stormen, på veg vestover, ein gong tidleg i Juni.
I dag er det berre stas å køyra forbi i det fine veret.

Og vidare bortetter

Mot Lillesand er det berre nydelege motiv heile vegen.
Nokre få av dei finn du nedanfor.