fredag 28. juni 2013

Neimen.........i Mandal og ?

Kven ellers!

Enn den noko ukjente verdensentertaineren Svein dukkar opp igjen i Mandal.
Verdens hyggeligste entertainer viser seg å være verdens hyggeligste snikkar også.
Skal du ha snikkarjobben gjort! Kvifor ikkje få den gjort av ein som lagar god steming i huset i tillegg.
Kontakt Svein med det samme.

Ankomst Stavanger

Det er Fredag 28. Juni kl 1110.
Ariel med Skipper og mannskap er ankommet Stavanger havn. Båt og mannskap er friske og raske etter 22 timer i sjøen.
Ariel ligger nå fortøyd, og mannskapet er i gang med velfortjent frukost.

torsdag 27. juni 2013

Mandal -Stavanger

Det er Torsdag 27. Juni 2013. Klokka er omlag 1038.
Mannskapet på Ariel er igang med forberedelser for ein lang seilas til Stavanger.
Det skal bli gøy.

onsdag 26. juni 2013

Gode venner i Mandal

Rapport frå Julla 

Julla, eller svensken som Holingen og Elvis har døypt han, fortsetter å dukke opp.
Og det blir berre meir og meir triveleg for kvar gong.
Her gir Julla rapport fra siste dagars leiting etter Taustigen.
Fortsatt er det ingen spor å finne!
Men det er deilig å sitte ute i styrebrønnen i solvarmen.
Hyggeleg er det også
Som det framgår av dette bildet er Julla svært glad for å væra med Holingen og Elvis på leit etter Taustigen.

Ryvingen fyr

Holingen og Elvis på Ryvingen

Eller rettare sagt, ved Ryvingen.
Denne vakre solfylte dagen med skyfri himmel og frisk bris fra vest. Denne dagen der alt låg til rette for å seile inn i godvershavna på Ryvingen, med innsegling fra øst. Denne dagen da det var flatt hav på austsida, sjølv om havet stod kvitt omkring på alle kantar. Denne dagen var det fullt vei kaia på Ryvingen. Det var ikkje plass til Holingen og Elvis.
                                                                                          Ja, ja. Kanskje i morgon? Eller kanskje ein annan dag? Flott bilder vart det uansett.




"Den Hemmelige" kanalen

Ein plass mellom Kristiansand og Mandal...

... gjennom eit trangt nåløye, som det åpenbart er fleire av langs kysten, dukkar ein kanal opp. Liksom av ingenting.
Den har ikkje navn. Ihvertfall ikkje på kartet. Kanskje fordi ingen ahr brydd seg om han?
Men noko skjer her no!
For eksempel kan du ringa dette nummeret og få kjøpt deg hyttetomt.
Eller du kan  by på denne hytta av litt eldre utgave. Og kanskje erstatta ho med ei ny!
Det kan desse karane hjelpa deg med i tilfelle.
Dei har allerede sett opp både denne og fleire andre flotte hytter i kanalen.
Her er ein som fann ut at han vill oppgradere si gamle hytte. Hytta til venstre er utvida, oppgradert og plassen er omgjort til eit flott tun. Ny brygge med flott sandstrand er også på plass.
Og kva med denne. Den ligg ved inngangen med ein praktfull utsikt. Hytta er åpenbart spesialdesigna for å nyte utsikten nordøst i havet, der sola står opp kvar dag.
Det er plass til meir.
Og det er vakkert her i Den Hemmelege Kanalen.

Ny-Hellesund

Ekstremvakkert!

På vegen fra Kristiansand til Mandal tok me vegen gjennom Hellsundet. Det nye. Det gamle ligg fortsatt i Blindleia.
Vakrare kan det ikkje bli. På sjøen. Ved havet.
Her fra innseglinga fra Nord-øst.
Vakre hus og naust inne i sundet.

Olavsgapet

Der sagnet seier at Hellig Olav søkte ly under eit slag, og åpningen stengde seg etter han slik at han og mannskapet blei berga. 
Vakkert. Det er berre å nyte dei fine bildene





Styrmann for dagen
Elvis styrer skuta i  dag.

Nytenking

Ein gammal oljetank er bygd om til bolig.
I Ny-Hellesund.
Tøft.
Bakom ligg forøvrig gjestgiveriet i Ny-Hellesund. Det ligg vakkert i sundet og såg svært trivelig ut

tirsdag 25. juni 2013

Spleisekurs

Elvis er på kurs

Det blei tid til meir på mandagen. Så etter lunsj inviterte Holingen til Spleisekurs. han plukka fram øks, loddebolt og alt anna som trengs for detta arbeidet.
Elvis gjorde som best han kunne, og Holingen meinte spleisen blei bra. Men det er nok helst læremeistaren som får ta den største æra for arbeidet.
Elvis viser at han har orden på dei tre kordelene. Særleg den midterste.
Konsentrasjon!
Enda meir konsentrasjon.
Litt fingernemheit
Og litt gamle kunstar med loddebolten
Og vips! Så er løkka ferdig spleisa.

Arbeidsdag

Arbeidsdag i Kritiansand

Litt for mykje vind var meldt for mandag 24. Juni. Så me bestemte oss for å bruka dagen til forefallande arbeid på Ariel og på lettbåten.
Her er Elvis i full gang med å fjerne groe fra lettbåten

I kjeledress

Holingen kler seg opp i kjeledress nå han skal inn i motorrommet.
Full service med bytte av alle filter på den solide Bukh diesel motoren som ligg nede i eit mørkt, lite og trangt rom. Derfor er det nødvendig med hodelykt, sjølv om sola skin.

Som ny

Vaska og polert.

 Halegattet

Det var frisk bris frå sør når me ankom Kristiansand søndag ettermiddag. Dårleg bølgebryting i ytre gjestehavn medførte at fremre babord halegatt rett og slett blei slete av Ariel.
Etter tips fra Julle beslutta me å flytte oss inn til indre gjestehavn der Julle hadde sikra oss ein fin plass til Ariel.
Mandagen blei halegattet reparert. Det fiksa Holingen med Tech 7.

Fenderrens

Også alle fenderar og blåser måtte til pers.
Det fiksa Elvis.

Nedanfor er sandalen til Holingen. Den rauk under innseglingen til Kritiansand. Før vi la fra kai igjen så var sandalen like fin. PoxyPol, kjøpt og betalt i Spania, fiksar alt, seier Holingen. Superstoff.

Julle

Julle

Eller svensken som me kalte han før. Julle, eller svensken, har fulgt oss som ein skugge sidan Stavern.
Her er han på kaien i Kristiansand. Ikkje så hemmelighetsfull og trøytt som i Kragerø. Rett og slett i god form. Blid og glad for å treffe to karar det, ifølge Julle,  er lett og triveleg å snakke med.
Julle svergar på at han ikkje har sett Taustigen, men blir gjerne med på laget for å leita.

Blid og glad

Så blid  blir Julle når han treff igjen Holingen og Elvis i gjestehava. Muligens kan smilet ha noko å gjera med at sambuaren til Julle snart skal mønstre på òg?
Julle har segla åleine sidan Halmstad, eller deromkring. Ein ekte soloseglar, altså!

Mykje å snakke om

Julle og Holingen har friske meiningar om alt som har med båt, sjø og seiling å gjera. Tydeleg at dette er to karar som elskar båtlivet.

Kristiansand gjestehavn

Vakkert syn over Kristiansand!

Nok ein gong viser norge fram sitt beste gjennom hyggelige og flinke båtguidar.

Randøysund Båtbyggeri - Korsvik

Holingen tilbake der eventyret starta

For 14 år sidan, i 1999, kom Holingen for fyrste gong hit til Korsvik Marina og Randøysund båtbyggeri. Her henta han Ariel, etter å ha kjøpt den av Kjetil Lerstad.

Her låg Ariel

Her låg Ariel ein solskinnsdag på ettersommaren i 1999, da Holingen og kjeringi såg henne for fyrste gong.
Kort tid seinare hadde Ariel nye eigarar. Det var forelskelse ved første blikk

Randøysund Båtbyggeri

Og der borte, rett over sundet, låg Randøysund Båtbyggeri, der skroget til Ariel blei støypt. Randøysund båtbyggeri, som hadde rettigheitane til Randøysloopen, tilbydde folk å støypa skrog til båtane sine her på byggeriet. Skroga kunne dei ta med seg og bygga båten ferdig heime, eller ein annan plass. Ca 60 skrog blei støypt av Randøysloopen her på byggeriet. Ca halvparten kom på vatnet som ferdige båtar. Ariel var ein av desse.

Randøysund Båtbyggeri er i dag nedlagt, og erstatta av båtreparasjonsselskapet Randøysund båtverkstad - Allsidige service AS! Korkje meir eller mindre.
Havna ved gamle Randøysund båtbyggeri.
Bygget der Ariel skroget blei støypt og gjort klar for vidare utrusting.

Stolt gjensyn

Holingen er fornøgd med besøket i Korsvik tross alt. Det blir mange minner som dukkar opp når ein er på rotplassen til det båtlivet som Holingen har hatt med båten sin. Ikkje minst etter at han er blitt fora med mykje ny kunnskap om både båtbyggeriet, båten og tidlegare eigarar av svært hyggelege folk som me traff i dagane før me kom til Korsvik
I den tiden tida Randøysund båtbyggeri solgte støyperett til Randøysloop skrog, så tilbydde dei også båtbyggarane overnatting ved bårbyggeriet.
Her er Holingen ved ei av hyttene som kanskje blei brukt av den som støypte Ariel i si tid.

På tide å dra vidare

Holingen og Ariel i det vi gjer klar for avreise til Kristiansand
Farvel Korsvik og gamle Randøysund Båtbyggeri.