Det nærmar seg slutten på
reisa vår
Frå fyrste dag har
denne turen vore eit eventyr.
Ikkje frå fyrste reisedag, men frå den dagen Holingen og Elvis sovna i kvar sin
stol over ein god cognac, med ein feit sigar i kjeften, vel forlikte om at Kysten Rundt med Holingen og Elvis var bestemt, har denne reisa vore
eit eventyr.
Frå dagane med planlegging av reisa sitt hovudmål og dei ulike delmåla, til dei
daglege taktiske og operasjonelle arbeidsoppgaver, som å følgje med på vind og
vèr, finne ut kvar vi skal dra no, stikke ut reiserute frå hamn til hamn,
drøfte val av lei, indre eller ytre, eller kanskje velje ei kronglete som
ingen, eller berre få andre, har gått før oss, slik at me kunne oppdaga nytt
land, nesten som store oppdagarar på jakt etter ny og ukjent mark i ekspedisjonar
der me kunne plante flagget for konge og fedreland, eller finne ukjente
sommarfuglartar som me kunne gje namn som for eksempel «Holingus erektus»,
eller noko anna fint, som vista at det var me som hadde oppdaga akkurat denna
somarfuglen, eller alle møtene med menneska, som har sett oss og åpna opp
for samtaler om alt og ingenting, det viktigaste av alt, og bydd på mat og
drikke og godt selskap, og landskapet; kysten, den langstrakte norske kysten,
med fjordane, både dei korte og dei lange, dei breie og dei smale, dei grunne
og dei djupe, øyane, holmane, skjera, dei fantastiske fyrlyktene me har, og
alle båtane, gamle og nye, ferjene, med kaffi og svele, og cruisebåtane, med
engelskmenn, tyskarar og hollendarar.
Og havnene, og butikkane, spesielt dei små og velassorterte landhandlarane,
mange berre opne om somaren, nokre få veker, og reker og pølsegryta, for ikkje
å snakka om corned beef, corned beef med pote, kers pink frå fitjar, uvaska og
nyplukka rett frå åkeren, og tilberedt av Holingen, verdens fremste kjennar av
pote, og makrell, fersk makrell bakt i gassovn med salt, smør og dill, og pote laga av Holingen, og agurk og rømme, ekte rømme, og byane, og bygdene, for ikkje å snakka om sauene og spesielt geitene,
geitene i sogn, der inne ved Undredal, geitostens hovudstad.
Ja alt.
Heile vegen frå tanke til handling, frå plan til gjennomføring, frå hamn til hamn,
frå dag til kveld, fra natt til dag og frå
leik til moro har vore som ein god draum der alt går som ein vil, flyt fint og er berre heilt allright. Nettopp, berre heilt
allright.
Om du ber meg, midt oppi i alt dette, å
tenka ein tanke om kva denne turen har gjett oss, utover fantastiske dagar og
opplevingar?
Då er den tanken slik;
Tenk om me kan ta med oss følelsane
me har hatt over å væra så heldige å få gjennomføra turen vår, det å ha familie
og arbeid som har gjett oss anledningen, det å stå opp om morgonen og gleda seg
til ein ny dag og lura på kva den skal by på, det å møta kvar ny dag med
undring og pågangsmot, det å sovna inn om kvelden, på eit blunk, sove som ein
stein, og ikkje vakna før soli står opp, eller litt seinare viss me hadde lyst
til det, det å være kongar i våre eigne liv.
Tenk om me kan ta denne følelsen og livsanskuelsen tilbake til det vanlige
livet. Tenk om me kan gleda oss over kvar dag, og tenk om me kan læra å elska
kvardagen i normallivet akkurat like mykje som me har elska kvardagen om bord på
Ariel.
Tenk om me klarer å glede oss over livet, akkurat som me har gleda oss over
turen.
Den tanken skal få slå rot.
Og den skal få veksa og bli stor. Så stor at livet, resten av livet, skal bli ein draum som går i
oppfylling. Kvar dag skal levast som ein draum. Som draumen om «Kysten rundt
med Holingen og Elvis».
Nei ikkje som draumen.
Som turen. Som turen, skal livet levast.
Det prosjektet skal kanskje heita noko slekt; «Resten av livet, med alle som
vil væra med»