lørdag 26. desember 2015
fredag 14. august 2015
torsdag 2. januar 2014
Refleksjonskveld med god cognac og fine sigarer
Det er ikkje slutt fordi om det er over.
Det er lov å møtast.Møtast for å mimre.
For å oppsummera.
For å røyke sigarar, og drikke Cognac.
Og drøyme litt.
Drøyme om nye opplevingar?
40 År
Ja du leste rett. 40 år.Ja ikkje Holingen. Han er litt eldre.
Men sigaren.
45 cm lang, 22 mm i diameter. Og 40 År.
I 40 år har Holingen spart på dette muskedunderet av eit Cubansk mesterverk.
Og so pass lenge bør ein sigar lagrast for å kvalifisera til å delta, når det er snakk om refleksjonsseminar med Holingen og Elvis.
Og Cognacen
Den bør ha segla med Tor Heyerdal frå Peru til Polynesia.Og væra gamal.
Og sjampisen
Sjampisen skal væra god. Og sprudlande.Akkurat so sprudlande som eventyret til Holingen og Elvis.
Og Potene
Eller potetene, som nokre kallar dei, skal væra utsøkte.Og laga av verdens fremste poteekspert. Holingen.
Og gjerne håndplukka.
Og ikkje vaska. Ikkje før rett før dei går i gryta.
Og salt.
Saltmengden skal være nøye tilpassa kvar sort. Akkurat som koketida. Koketida må sjølvsagt ikkje berre tilpassast sorten. Mens også størrelsen.
Apropos sorten. Viste du at dei fyrste kjente potesortane er fra Peru.
Sa du Peru?
Peru! Ligg ikkje det langs kysten?
Holingen!
Holingen?
Hallo!
Er du med?
mandag 19. august 2013
Ved reisens slutt
Corned Beef
Krydra med lauk, surra i sukker og fersk chilli. Pote, alla Holingen, kokt nøyaktig på tid, denne gong ekte norsk mandel, uvaska, med ei spiseskjei salt. Musserande, denne gong ekte sjampanje. Og til slutt Napoleonskake med pulverkaffi.Sjølvaste favorittretten, vart sjølvsagt servert i styrebrønnen på Ariel, Laurdag den 17. August 2013, omlag kl 1200, som markering på at Kysten Rundt med Holingen og Elvis er over, og at mannskapet er komen heim.
Da var det ekstra kjekt at konene til Holingen og Elvis også var med, og gjorde markeringen til akkurat det den skulle væra.
Tusen takk for turen. Tusen takk til alle som følgde oss. Tusen takk til alle me traff og hadde det moro med. Tusen takk til alle som gjorde turen mogeleg for oss. Og spesielt tusen takk til familie og arbeidsgjevar som ga oss tid og rom.
Helsing
Holingen og Elvis
torsdag 15. august 2013
Stavern - Horten
Han skulle stå frå sør
Sa Holingen, litt frustrert, sidan han hadde studert vind og værkart nøye før denne siste seilasen på vår reise kysten rundt.Hm, meinte Elvis, og sjekka vindkartet på yr.no ein gong til.
Kong Neptun er med oss i dag ser det ut for, konkluderte Elvis.Tydeleg fornøgd med observasjonen.
Han ska stå mot sør ut sundet her, ut forbi Svenner fyr og til den lykta som markerer slutten på Rakke båane.
Så skal han snu. På sør. Og styrka seg gjennom dagen.
Me har fair winds og following seas fra start i dag konkluderte begge, og drog på smilebåndet.
Mykje meir vart ikkje sagt.
Det vart ein tur i stille kontemplasjon og glede over at den siste dagen blei ein seglardag av beste merke.
Som om Kong Neptun, akkurat som då me starta turen, ville vise at han var med oss.
Heile vegen. Heilt fram.
Litt vemodig
Men no legg me ut på turens siste etappe
Det er meldt skybrudd på fredag.I dag er det sol og sønnavind
Me satsar på at vinden held seg, og at me kjem inn i Horten Indre Havn for fulle segl litt ut på kvelden i dag.
onsdag 14. august 2013
Ein tanke
Det nærmar seg slutten på reisa vår
Frå fyrste dag har
denne turen vore eit eventyr.
Ikkje frå fyrste reisedag, men frå den dagen Holingen og Elvis sovna i kvar sin stol over ein god cognac, med ein feit sigar i kjeften, vel forlikte om at Kysten Rundt med Holingen og Elvis var bestemt, har denne reisa vore eit eventyr.
Frå dagane med planlegging av reisa sitt hovudmål og dei ulike delmåla, til dei daglege taktiske og operasjonelle arbeidsoppgaver, som å følgje med på vind og vèr, finne ut kvar vi skal dra no, stikke ut reiserute frå hamn til hamn, drøfte val av lei, indre eller ytre, eller kanskje velje ei kronglete som ingen, eller berre få andre, har gått før oss, slik at me kunne oppdaga nytt land, nesten som store oppdagarar på jakt etter ny og ukjent mark i ekspedisjonar der me kunne plante flagget for konge og fedreland, eller finne ukjente sommarfuglartar som me kunne gje namn som for eksempel «Holingus erektus», eller noko anna fint, som vista at det var me som hadde oppdaga akkurat denna somarfuglen, eller alle møtene med menneska, som har sett oss og åpna opp for samtaler om alt og ingenting, det viktigaste av alt, og bydd på mat og drikke og godt selskap, og landskapet; kysten, den langstrakte norske kysten, med fjordane, både dei korte og dei lange, dei breie og dei smale, dei grunne og dei djupe, øyane, holmane, skjera, dei fantastiske fyrlyktene me har, og alle båtane, gamle og nye, ferjene, med kaffi og svele, og cruisebåtane, med engelskmenn, tyskarar og hollendarar.
Og havnene, og butikkane, spesielt dei små og velassorterte landhandlarane, mange berre opne om somaren, nokre få veker, og reker og pølsegryta, for ikkje å snakka om corned beef, corned beef med pote, kers pink frå fitjar, uvaska og nyplukka rett frå åkeren, og tilberedt av Holingen, verdens fremste kjennar av pote, og makrell, fersk makrell bakt i gassovn med salt, smør og dill, og pote laga av Holingen, og agurk og rømme, ekte rømme, og byane, og bygdene, for ikkje å snakka om sauene og spesielt geitene, geitene i sogn, der inne ved Undredal, geitostens hovudstad.
Ja alt.
Heile vegen frå tanke til handling, frå plan til gjennomføring, frå hamn til hamn, frå dag til kveld, fra natt til dag og frå leik til moro har vore som ein god draum der alt går som ein vil, flyt fint og er berre heilt allright. Nettopp, berre heilt allright.

Om du ber meg, midt oppi i alt dette, å
tenka ein tanke om kva denne turen har gjett oss, utover fantastiske dagar og
opplevingar?
Då er den tanken slik;
Tenk om me kan ta med oss følelsane
me har hatt over å væra så heldige å få gjennomføra turen vår, det å ha familie
og arbeid som har gjett oss anledningen, det å stå opp om morgonen og gleda seg
til ein ny dag og lura på kva den skal by på, det å møta kvar ny dag med
undring og pågangsmot, det å sovna inn om kvelden, på eit blunk, sove som ein
stein, og ikkje vakna før soli står opp, eller litt seinare viss me hadde lyst
til det, det å være kongar i våre eigne liv.
Tenk om me kan ta denne følelsen og livsanskuelsen tilbake til det vanlige livet. Tenk om me kan gleda oss over kvar dag, og tenk om me kan læra å elska kvardagen i normallivet akkurat like mykje som me har elska kvardagen om bord på Ariel.
Tenk om me klarer å glede oss over livet, akkurat som me har gleda oss over turen.

Den tanken skal få slå rot.
Og den skal få veksa og bli stor. Så stor at livet, resten av livet, skal bli ein draum som går i
oppfylling. Kvar dag skal levast som ein draum. Som draumen om «Kysten rundt
med Holingen og Elvis».
Nei ikkje som draumen.
Som turen. Som turen, skal livet levast.
Det prosjektet skal kanskje heita noko slekt; «Resten av livet, med alle som vil væra med»
Nei ikkje som draumen.
Som turen. Som turen, skal livet levast.
Det prosjektet skal kanskje heita noko slekt; «Resten av livet, med alle som vil væra med»
Myggen lærer Holingen og Elvis å kasta piler
Moro var det
Når Erik Mykland kom innom på puben vår i Risør og lurte på om han kunne få spele Dart med oss.Det fekk han sjølvsagt.
Erik hadde mykje å lære bort, og det vart ein skikkeleg hyggeleg kveld med Erik og fleire av vennene hans i Risør.
Peterhead
Sjølve grompuben i RisørKragerø
Det går fort austover og heimover no
Ein strålande seilas frå Risør, berre avbroten av ein to tre torebyger med tungt regn, låg bak oss då me smaug oss sakte inn på Kragerø Gjestehavn.Heilt nyoppussa er gjestehavna i Kragerø, og denne gong med alle fasilitetar i full drift.
Stort sett sol
Med byger innimellom
Men i Kragerø
Er alt om det pleier.Sol, somar og berre fint.
Ja, bortsett fra det stygge skaret på Berøy, der dei har bygd ein by som om det er trangt som på Manhatten i den norske skjærgården!!!
Vakkert i sentrum
Risør
No når me veit
Kva flekken i berget over Risør by betyr, takk vera Hilberg, så er det lett å fnne havna i Risør på vår veg austover mot Horten.Og veldig hyggeleg
Å oppdage at vertane i gjestehavna er akkurat like flinke og blide som sist me var innomOg været
Ja været var med oss i Risør og.Og solnedgangen.
Julle 5
Jammen dukka han opp igjen
Julle, eller svensken som me kallar han.Holingen varsler vår ankomst ned i Klondike, båten til Julle
Og opp sprett
Sjølvsagt Julle.Like blid som alltid, og glad for å treffe to karar som er like sprø som han sjølv.
Det er bara jag, og ni två, pleier Julle å seia, når han skal forklare kor glad han er for å treffe likesinna.
Mykje moro
Og mykje latter, blir det sjølvsagt når me skal utveksle bilder og historiar om kvarandres opplevingar på vår reise kysten rundt.Lyngør
Lyngør
Måtte me sjølvsagt innom.Det hadde me fått tips om av Hilberg.
Me hadde gledd oss til lunsj hos Tantene på Lyngør.
Åpenbart hadde me misforstått Hilberg, for det var ingen som kjente til tanter på Lyngør.
Lyngør var ein flott plass, og det blei fine bilder fra øyene rundt sundet som var arena for senkingen av den Dansk/Norske fregatten Najanden i 1806.
Ariel passar godt inn
Ved kai i Lyngør, utanfor Lyngør Husholdningshandel. Ja det heiter den lokale landhandelen på Lyngør,Husholdningshandelen
Det er kafè her også.
I somarsesongen. Men dessverre stengt då me kom.
Flotte skilt
Og flotte gater
Eller smug, må vi vel kalle det, her ute på Lyngør
Frå restaurangen på øya
Seilmakerfruens Kro.Uteterassen
Interiøret
Og Naboen til
SeilmakerfruenLitt info
Kan ein finne om slaget i 1806.Men ikkje mykje.
Tvedestrand
Etter Arendal
Hamna me i Tvedestrand.Sesongen var slutt, og det var stille og roleg i den litt slitne sjøfartsbyen når me var innom.
Fine bilder blei det.
Og innseglinga med alle fine uthamnene er strålande vakker.
Denne fine Anda
dukka opp hos oss mens me låg i Tvedestrand.Her sit ho på lettbåen og viser seg litt fram.
Hamen
Mykje rart
Har funne vegen til sundet mellom Hisøy og fastlandet.Her ligg Hamen.
Det er ein utrangert dampskute, ombygd til diesel, etter krigen, og dreiv opprinneleg i kullfart på vestkysten av Wales og England.
Seinare solgt til Norge for å gå i Nordsjøfart.
Etter fleire år som vrak i den svenske skjærgården fann nokon ut at skuta skulle restaurerast til museumsskip.
Søker du på Hamen på Goggel finn du ut at ikkje alle meiner det er ein god strategi
Men skuta flyt no, etter ein overhaling til nokre millionar på eit verft i Hirtshals i Danmark
Breiflabben 2
Ved Eydehavn
Tvers av Eydehavn, på Hisøy, fant me denne fine skuta, Amiga,Og Eigaren.
Han heiter Sven
Det blei sjølvsagt
Ein god prat mellom to stolte eigarar av to stolte skuter.Flott og velholdt ved kai.
Amiga ved kai
Tvers av Eydehavn, med Sven på Brygga framføre huset sitt, og dei gamle direktørboligane til sjefane på det nedlagte Aluminiumsverket i bakgrunnen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)